Nominerer Hotel Mundal til Noregs dokumentarv
Vestland fylkeskommune nominerer arkivet frå Hotel Mundal i Fjærland til Noregs dokumentarv. Arkivet gir innblikk i både hotelldrift, kvardagsliv og samfunnsutvikling.
Arkivet frå Hotel Mundal gjev eit samanhengande tidsbilete av turismen i Fjærland. Det startar med framveksten av den utanlandske turistferdsla på slutten av 1800-talet, går gjennom krig og krisetider og fram til det moderne reiselivet etter 2. verdskrigen.
Truleg unikt i landet
– Det nær komplette arkivet frå Hotel Mundal er truleg unikt i nasjonal samanheng. Det dokumenterer turisme og hotelldrift i nesten hundre år, frå starten i 1891 til om lag 1980. Det er lett å trekke fram store namn og spesielle hendingar, men det er likevel kvardagslivet ved hotellet som er mest iaugefallande. Hotelldrift er hardt arbeid, og det syner arkivet frå Hotel Mundal godt, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.
Hovudutvalet vedtok nominasjonen til Noregs dokumentarv i møtet 24. mai. Noregs dokumentarv har som mål å gje eit breitt og representativt bilde av dokumentarven i Noreg. Registeret er den norske delen av UNESCO-registeret Memory of the World.
Dokumenterer kvardagsliv
Hotel Mundal vart bygt i 1891. Balestrand og områda rundt, inkludert Fjærland, var då eitt av tyngdepunkta for den veksande turiststraumen. Hotellarkivet syner utviklinga av turismen og reiselivet, men også ringverknadane hotelldrifta skapte for lokalsamfunnet i Fjærland.
Bønder leverte matvarer til hotellet, og ikkje minst skapte den store tilstrøyminga av besøkande betydeleg aktivitet innan heimeyrke og suvenirproduksjon.
Hotelleigarane måtte òg jobbe for betre kommunikasjonar, noko som var grunnleggjande for eksistensen til hotellet. Denne utfordringa delte Hotel Mundal med både resten av bygda og med andre isolerte tettstadar. Slik fangar arkivet opp både det særeigne for turistbygda Fjærland og meir allmenne utviklingstrekk i Noreg.
Noregs dokumentarv
Blant dokumenta i Norsk dokumentarv finn vi i dag Gulatingslova, folketeljinga frå 1801, NRK-programmet Hurtigruten minutt for minutt frå 2011 og arkivet etter festspela i Bergen frå 1953 til 2003. Ingen hotellarkiv er del av registeret i dag, og Hotel Mundal kan såleis bli det første.
I år ønskjer den norske komiteen for verdas dokumentarv nominasjonar som syner korleis kvardagsliv er dokumentert, og reiseliv er løfta fram som eit døme innan temaet. Det blir kunngjort kva dokument som blir tekne opp i Noregs dokumentarv på seinhausten 2022.