No kan du betale med bankkort på bussen i heile Vestland
Skyss har jobba i fleire månader med å montere bankkortterminalar i alle dei 900 bussane i Hordaland. No er den siste bussen klar, og dermed kan dei reisande kjøpe bussbillett med bankkort i på alle Skyss sine bussar i Vestland.

Bussane i Sunnhordland og Hardanger fekk kortbetaling i vinter og har hausta erfaringar med bruken ei stund. Skyss har registrert at bankkort raskt vart populært i desse områda.
Populær løysing
– Det tok ikkje lang tid før over halvparten av dei som betalar om bord, betalte med kort i staden for kontantar, seier Kari Steinsland, leiar for mobilitetstenester i Skyss.
– Dette syner at løysinga er svært nyttig for dei som av ulike grunnar kjøper billett av sjåføren. Mange har jo ikkje med seg kontantar lenger. Bankkortbetaling gjer også at bussjåførane får mindre pengar å passe på, seier Steinsland.
Ho understrekar at det framleis er eit fåtal som betalar hos sjåføren, og at dei fleste reisande nyttar mobilen for å kjøpe billett.
– Vi vil at så mange som mogleg skal halde fram med å bruke app og kjøpe billett før dei går om bord, sånn at bussen bruker minst mogleg tid på haldeplass, og kjem seg raskt dit han skal, påpeiker ho.
Kontaktlaust
I tillegg til den tekniske jobben med å montere bankkortterminalar, har 2100 sjåførar fått opplæring. Betalinga skjer kontaktlaust ved at ein legg bankkortet på terminalen.
Ein kan framleis kjøpe billettar kontant hos sjåføren. I bergensområdet (sone A) må du betale eit pristillegg når du kjøper billetten kontant, men ikkje når du betalar med kort.
Bussane i Sogn og Fjordane har hatt bankkortbetaling i mange år.