Nettkurs skal hjelpe ungdom å takle negative tankar
Mange unge slit med negative tankar som kan vere vanskelege å bli kvitt. Vestland fylkeskommune arrangerer saman med Frisklivssentralen i Bergen eit digitalt og anonymt meistringskurs for ungdom som vil bli meir merksam på eigne tankar – såkalla tankevirus.
– Det er mange fleire unge som slit med psykiske plagar og søvnvanskar no enn for berre ti år sidan, det ser vi frå tal i Ungdata-undersøkinga og folkehelseundersøkinga, seier Karoline Heggøy, friskliv- og folkehelsekoordinator i Bergen kommune.
Pandemien og no streiken som har føregått i mange veker, har ikkje gjort det lettare for ungdom som strevar med tunge tankar.
Skreddarsydd for ungdom
Nettkurset er eit pilotprosjekt. Frå før har det vore kurs i Tankevirus for vaksne og studentar, men dette kurset er skreddarsydd for ungdom i vidaregåande skule-alder.
– Målet med kurset er å lære å handtere det livet har å by på, så ein blir betre rusta til å møte motgang. Det handlar om å normalisere det å ha negative tankar. Å forstå at negative tankar ikkje er farlege, og å lære nokon triks til å handtere dei.
Delta anonymt
Kursa er videobasert, og går over tre måndagar, på 1,5 timar kvar gang. Du kan delta anonymt, og utan kamera for deltakar.
– På kurset får deltakarane sjå video og svare på oppgåver saman gjennom chat. I første samling vil vi løfte og normalisere det å ha negative tankar. Det er ikkje uvanleg å ha negative tankar, så kva gjer vi med det? Kva er eit psykologisk immunforsvar, og kva påverkar det, forklarar Heggøy.
«Å-vere-perfekt-viruset»
Ho legg til at tilbakemeldingane etter dei tidlegare kursa dei har hatt for vaksne har vore veldig gode. Spesielt det å kunne støtte kvarandre anonymt i chatten, har fungert godt.
På den andre samlinga handlar det om det dei kallar for ulike «negative virus».
– Vi skal for eksempel snakke om «å-vere-perfekt-viruset», det er det mange unge som kjenner, seier Heggøy.
På tredje og siste samling får ungdommane strategiar for å handtere desse tankane.
– Det er viktig å komme på alle samlingane for å få ei heilskapleg forståing for tankane sine og verktøy for å handtere dei, seier Heggøy.
120 plassar – førstemann til mølla!
Frisklivssentralen er utviklingssentralen som bidreg med sjølve kurset, mens Vestland fylkeskommune, som eig dei vidaregåande skulane, er administrator.
Det er plass til 120 ungdommar, og det er førstemann til mølla. Kursdagane er 21. november, 28. november og 5. desember, kl. 18.00-19.30.