Mindre tiltak kan gjere stor skilnad på fylkesvegane
Utbetringar og mindre tiltak på rasutsette og slitne fylkesvegar kan endre kvardagen til folk. Dette var noko av det fylkespolitikarane såg på da dei synfarte vegane i Lodalen og Oldedalen.
Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland fylkeskommune var i Nordfjord 14. og 15. september for å ha utvalsmøte og sjå på tilhøva og høyre om ulike løysingar på fylkesvegane i området.
Pengane strekk ikkje til
– Vi samferdslepolitikarar må snakke med folk som brukar vegane i Vestland og sjå dei ulike behova deira, seier Jannicke Bergesen Clark, leiar i hovudutval for samferdsle og mobilitet.
– Behovet for rassikring og vegvedlikehald i fylket er enormt, og vi kan diverre ikkje velge dei dyraste løysingane kvar gong. Men vi kan sjå på om vi kan gjere noko, som enklare tiltak og utbetringar, og vi opplever at også dette gjer ein skilnad for folk som bur langs dårlege fylkesvegar.
I Lodalen og Oldedalen fekk hovudutvalet sjå to gode eksempel på typiske vestlandsvegar, med utfordringar med vegstandard, rasfare, vedlikehaldsetterslep og behov for oppgradering. Felles er også problem knytt til turistnæringa og auka trafikk som vegane ikkje er dimensjonerte for. Utfordringane her har vore mykje diskuterte i hovudutval, fylkesting og i Regional transportplan, og fylkeskommunen har planlagd fleire tiltak i området. Det skal greiast ut montering av automatiske varslingsanlegg for snøskred, og vegen skal gjerast breiare på fleire punkt i dei to dalane.
– Midlane strekk ikkje til slik det er i dag, og vi må prioritere. Og då må vi gjere oss kjende med og ta eigarskap til vegutfordringane ulike stadar i fylket, seier Clarke.
Raske tiltak
– Her ved Heimefonna håpar vi at vi slepp å stoppe bilen neste år, seier Rune Myklebust, innbyggar i Oldedalen.
– Her står både vaksne og ungar midt i skredløpet for å vente på motgåande trafikk som kjem gjennom den gamle røyr-tunnelen. Unge i dag har andre behov enn vi hadde, og vi må kjempe for sikrare veg, vi kan ikkje berre gi opp, seier han.
Folk i Oldedalen blir ofte innestengte grunna rasfare og skred, og det er mykje trafikale problem grunna store bussar, turisttrafikk på den svært smale vegen. Ved Heimefonna vil fylkeskommunen breiddeutvide fylkesvegen over ei strekning på 380 meter til 6,5 meter. I tillegg kjem ein tørrsteinsmur på omlag 30 meter for å hindre utvasking i Oldevatnet og nytt vegrekkverk på delar av strekninga. Utbetringa vil fjerne behovet for stopp og rygging for trafikantane ved Heimefonna.
– Vi veit at ein fjelltunnel står øvst på ønskelista her, men vi må sjå på kva tiltak som kan gjerast raskt, før større investeringar som tar tid å arbeide fram eventuelt blir prioriterte i fylket, seier Bergesen Clarke.
Kjempar for meir midlar til rassikring
I Lodalen og Oldedalen planlegg fylkeskommunen breiddeutviding av vegen på 9 strekningar dei kommande åra, i tillegg til å greie ut varslingsanlegg for skred. I Oldedalen skal også Gytra bru vekk, og ny bru med breidde 6,5 meter kjem på plass. Eit moglegheitsstudium for ny bru i Briksdalen er også i gang. Og lokalt engasjement er viktig for endringane.
– Eg er veldig glad for engasjementet folk som bur langs fylkesvegen har for tryggleik og framkomst! Her i Oldedalen har vi også fått god hjelp til å velge kva punkt vi skal jobbe med for å få ei rask betring. Og engasjementet er god drahjelp når vi kjempar for å få meir midlar til rasfylket Vestland, seier Bergesen Clarke.