Legg til rette for kontinuerleg utbygging av Bybanen

– Vi vil ha kontinuerleg utbygging av Bybanen. Difor er det viktig at vi legg til rette for det, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkestinget sluttar seg til at det vert nytta bompengar til planlegging, prosjektering og grunnerverv for Bybanen BT5 til Åsane. Det kan nyttast inntil 102 millionar kroner neste år og inntil 251 millionar i 2024 til førebuing for bygging av Bybanen til Åsane.

Illustrasjon av Bybanen over Bryggen i Bergen.
FØREBUING: Fylkestinget har løyvt pengar til førebuing for bygging av Bybanen til Åsane. Illustrasjon: Bergen kommune

– Dette er nødvendig for at vi skal vere budde på å starte bygginga av bybanetraseen. Partane i Bypakke Bergen er samde om at det førebuande arbeidet er ein del av dei samla prosjektskostnadane med å bygge Bybanen, seier Askeland.

Minimumsproduksjon

Fylkesordføraren vil unngå stopp i den kontinuerlege utbygginga.

– For å avgrense risiko og syte for god risiko- og økonomistyring, legg vi opp til ein minimumsproduksjon av naudsynt førebuande arbeid fram til reguleringsplanen er vedteken. Dersom denne ikkje vert vedteken sommaren 2023 vil arbeidet kunne stoggast, understrekar fylkesordføraren.

Bybanen til Fyllingsdalen er opna, og arbeidet med å førebu bygging av Bybanen til Åsane er i gang. Fylkesutvalet løyvde 29 millionar kroner til det tidlegare i år. Fylkestinget ynsker at førebuinga blir vidareført i 2023 og 2024 med løyvingar frå Bypakke Bergen.

Må unngå tap av kompetanse

– Førebuingsarbeidet blir gjort på same måte som ved dei tidlegare utbyggingane av Bybanen. Det viktig å kome vidare i planarbeidet slik at vi kan sikre kontinuerleg utbygging av bybanesystemet og unngå tap av kompetanse på utbygging av Bybanen, understrekar fylkesordføraren.

Reguleringsplanen for bybanetraseen er no på førstegongs høyring. Endeleg vedtak er venta sommaren 2023. Førebuingsarbeidet skjer parallelt med innspel til reguleringsplanen

– Vi håpar å kome i gang med bygginga i løpet av 2024. Endeleg finansiering vil kome anten gjennom eige vedtak i 2024 eller gjennom statsbudsjettet for 2025, seier fylkesordførar Jon Askeland.

13 kilometer lang

Pengane som går til førebuing, fordelar seg på 209 millionar kroner til innleiande prosjektering og utføring, 16 millionar til grunnervev, 18 millionar til grunnundersøkingar og 110 millionar til felleskostnader.

Bybanen til Åsane blir 13 kilometer lang mellom Bergen sentrum og Vågsbotn. Banen går delvis i tunnel og får 14 haldeplassar. På strekninga mellom Sandviken og Eidsvåg blir E39 flytta inn i forlenga Fløyfjelltunnel for å gje plass til bybane, lokalveg og sykkel på dagens E39.