Korleis skal vi løyse utfordringane i reiselivet?

Det skal Temaplan for reiseliv i Vestland gi svar på. Den er no ute på høyring og du kan gi dine innspel.

Utsiktsplassen Stegastein.
BLANT DEI STØRSTE: Vestland fylke er i dag eitt av dei største fylka når det gjeld verdiskaping generert av reiseliv. Illustrasjonsfoto (Stegastein i Aurland): Rolf M. Sørensen.

Kommunar, organisasjonar og andre er invitert til å seie si meining om planen innan 14. oktober.

– Planen konkretiserer korleis fylkeskommunen vil arbeide for utviklinga av berekraftig reiseliv i Vestland. Det skjer gjennom eigne økonomiske verkemiddel, rolla som fagleg rådgjevar og gjennom samarbeid mellom dei ulike aktørane som har ei rolle i reiselivsutviklinga, seier Tor André Ljosland. Han er leiar i hovudutval for næring, som har vedtatt høyringsutkastet som no er ope for innspel.

Skal vere berekraftig

Vestland fylke er i dag eitt av dei største fylka når det gjeld verdiskaping generert av reiseliv. Fylket har unike naturlege føresetnader for å kunne vidareutvikle reiselivsnæringa i regionen til å bli det fremste reisemålet i Norge. Alt reiselivsarbeid i Vestland skal være tufta på berekraftig utvikling.

Vestland fylkeskommune har ei rolle som samfunnsutviklar og tilretteleggjar, og kan bidra til ulike samlingspunkt for reiselivsnæringa i fylket. Kommunane, reiselivsorganisasjonane og næringsaktørane er sentrale i utviklinga av dei ulike delane av fylket. Dei fleste kommunane i fylket seier tydeleg at dei ynskjer fleire gjestar. Temaplanen viser dei største arbeidsoppgåvene for å nå dette målet.

Laga med kort horisont

– Planen er laga med kort horisont. Fylket vårt er nytt, og koronapandemien har gjort det vanskeleg for reiselivsnæringa og fylkeskommunen å gå i gang med nybrottsarbeid. Fokus har vore på at næringa skal overleve. I 2025 vil vi være i betre posisjon til å leggje meir langsiktige planar for vidare arbeid, seier Ljosland.

Planen peikar på nokre av dei største utfordringane reiselivsnæringa i Vestland og Noreg har føre seg, og viser kva som skal til for å løyse desse. Ein eigen tiltaksplan med konkrete handlingspunkt vil bli laga for kvart år.

Utvikla i samarbeid

Utkastet til temaplanen er utarbeidd i tett samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge, Statsforvaltaren i Vestland, destinasjonsselskapa i fylket og Fjord Norge AS. Planen baserer seg i stor grad på utfordringane som er løfta fram i Innovasjon Norge sin nasjonale reiselivsstrategi frå 2021.

Digitalt høyringsmøte

Vestland fylkeskommune inviterer til digitalt høyringsmøte 4. oktober for alle interesserte.

Temaplanen er basert på kunnskapsgrunnlag og konklusjonar presentert i Innovasjon Noreg sitt dokument «Nasjonal reiselivsstrategi 2030 – sterke inntrykk med små avtrykk», som er godt forankra i reiselivsnæringa både nasjonalt og regionalt.

Fylkestinget skal vedta endeleg plan i desember 2022. Ein årleg tiltaksplan for konkrete oppgåver vil bli utforma med utgangspunkt i tilgjengelege ressursar. Denne vil vere klar januar 2023.