Høyring: Vil ha innspel til temaplan for landbruk
Den komande temaplanen for landbruk i Vestland fylke skal samordne innsatsen knytt til næringsutvikling innan landbruk og sette retning for verkemiddel for utvikling av landbruket i Vestland. No vil fylkeskommunen ha innspel.
Hovudutval for næring har no vedtatt å sende temaplanen ut på høyring. Høyringsfristen er 14. oktober. Formålet med planen er å sikre at arbeidet knytt til næringsutvikling innan landbruk blir samordna og å legge føringar for verkemiddel som blir forvalta i fylket. Vidare skal planen peike på moglegheiter og utfordringar for vestlandslandbruket på kort og lang sikt.
- Som ein del av regionreforma har fylkeskommunen fått eit auka ansvar på landbruksfeltet og auka næringspolitisk innsats på landbruks- og matområdet. Temaplan for landbruk skal bidra til å nå aktuelle mål i «Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033» og tilhøyrande handlingsprogram. For å få til dette har vi i temaplanen utarbeidd meir landbruksspesifikke mål- og strategiformuleringar, seier Tor André Ljosland, leiar av hovudutval for næring.
Berekraft i fokus
Høyringsutkastet til temaplanen for landbruk er eit resultat av utstrekt samarbeid og brei involvering. Planen som heilskap har blitt utarbeidd av Vestland fylkeskommune, i samråd med Innovasjon Noreg og Statsforvaltaren i Vestland. I tillegg har faglaga, skognæringsforum og nokre utvalde kommunar vore involvert i referansegruppa og kome med innspel undervegs. FN sine berekraftsmål har også vore førande for arbeidet med temaplanen og prosjektgruppa har prioritert følgjande berekraftsmål i planarbeidet:
Dei mest sentrale av FN berekraftsmål for planen:
4 – God utdanning
6 – Reint vatn og gode sanitærforhold
8 – Anstendig arbeid og økonomisk vekst
9 – Industri, innovasjon og infrastruktur
11 – Berekraftige byar og lokalsamfunn
12 – Ansvarleg forbruk og produksjon
13 – Stoppe klimaendringane
15 – Livet på land
Digitalt høyringsmøte
Tysdag 27. september inviterer fylkeskommunen til eit digitalt høyringsmøte for kommunar, organisasjonar og andre interesserte. Her vil vi orientere om høyringsutkastet, men det vil også vere høve til å kome med innspel og spørsmål. Kommunar, næringsselskap og andre aktuelle organisasjonar har fått invitasjon per e-post. Møteinformasjon og påmeldingsskjema er lagt ut i kalenderen på nettsidene til fylkeskommunen.
Dette vil fylkeskommunen ha innspel på
Vi inviterer no alle interesserte til å kome med innspel til planutkastet. Til høgre på denne nettsida finn de ei lenke til høyringssida. Der finn de ei lenke til eit høyringsskjema som kan brukast til å kommentere kvart kapittel i planutkastet. Vi ønsker også innspel på korleis kommunar og organisasjonar kan ta i bruk planen.
For meir informasjon, sjå saksframlegget.