Høyring: Gi innspel til plan for fornybar energi
Regional plan for fornybar energi skal vere eit grunnlag for klimaomstilling i Vestland fylke. Kommunar, organisasjonar, innbyggjarar og andre interesserte kan no komme med innspel til planen innan 20. februar.
– Gjennom utbygging av fornybar energi bidreg vi til målet om eit netto nullutsleppssamfunn. Når vi erstattar fossil energi med fornybar energi vil vi oppnå store klimakutt i Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkesutvalet har vedtatt eit høyringsutkast til planen, i tillegg til det første handlingsprogrammet som høyrer til planen. Dei ønskjer no innspel som kan vere med på å gjere planen til eit best mogleg reiskap for å nå Vestland sine ambisiøse klimamål.
– Fornybar energi er vesentleg for at vi skal lukkast med god kraftbalanse og sikker kraftforsyning som bidreg til den grøne verdiskapinga, seier Askeland.
Høgast kraftproduksjon i landet
Vestland har høgast kraftproduksjon av fylka i Noreg og eksporterer kraft ut av fylket. Samstundes manglar fleire av kommunane i fylket kraft for vidare vekst og realisering av grøne arbeidsplassar. Planen gir retningslinjer for fleksibel og sikker kraftforsyning, som er ein viktig føresetnad for vidare grøn verdiskaping i fylket.
Dette vil fylkeskommunen ha innspel på
I høyringsperioden som har frist 20. februar 2023, ønskjer fylkeskommunen innspel om korleis hovudmålet i planen kan nåast. Det handlar om at Vestland fylke får energioverskot frå fornybare energikjelder og ei robust kraftforsyning som bidreg til grøn verdiskaping.
Fylkeskommunen ønskjer også innspel på
- tema i planen
- ambisjonsnivå til dei enkelte fornybare energikjeldene
- korleis vi får ei robust kraftforsyning i fylket
- utdanning, forsking og innovasjon som omhandlar fornybar energi
- retningslinjene i planen
- tiltaka i handlingsprogrammet