Fylkestinget i Vestland ber om skjerpa beredskap
Vestland fylkesting er sterkt uroa over auka og uvanleg droneaktivitet i Nordsjøen, samtidig som det ser ut til at lekkasjar på røyrledningar i Østersjøen skuldast sabotasje. Vestland fylkesting vil understreka at beredskap knytt til infrastruktur og installasjonar langs kysten og i Nordsjøen må ha høg prioritet for å sikra tryggleiken.
Det kom fram gjennom ei fråsegn under fylkestinget, som denne gongen hadde lagt møtet til Mongstad, like ved det store oljeraffineriet, forsyningsbasen og ilandføringanlegget for olje og gass.
– Droneaktivitet og lekkasjar på installasjonar gjer Vestland fylkesting uroleg, og som eit energi- og verdiskapingsfylke meiner fylkestinget at det er kritisk viktig å sørge for sikring av infrastruktur og personell, seier fylkesordførar Jon Askeland.