Fire millionar til utvikling av grøne hubar
Vestland fylkeskommune lyser ut fire millionar kroner til samarbeid om grøn næringsutvikling i Vestland. Millionane skal gå til områda prosjektet Grøn region Vestland identifiserte med særleg høgt potensial for miljøvenleg og berekraftig utvikling, såkalla hubar.
Prosjektet fann 16 slike område. Dette er konsentrasjonar av grøne innovasjonsprosjekt som er kopla saman gjennom utveksling av ressursar som energi, varme, avfall eller liknande, eller område der tilhøva ligg til rette for slike koplingar. Desse er fordelte rundt om i heile fylket og har til saman potensial for 17 000 nye arbeidsplassar, kombinert med auka eksport og lågare utslepp.
Samarbeid er nøkkelen
For å realisere potensialet i hubane er ein avhengig av godt samarbeid på tvers av næringar og mellom ei rekke ulike aktørar. Utfordringa i dag er at det gjerne ikkje er tilgjengeleg ressursar som kan ha eit overordna ansvar for legge til rette for god kommunikasjon og samhandling mellom desse aktørane.
– Målet med millionane vi no lyser ut er å legge til rette for å starte opp ulike samarbeidsaktivitetar mellom relevante aktørar på tvers av verdikjeder og bransjar. Dette skal ta oss eit skritt vidare i prosessen med å realisere industriell symbiose og grøn omstilling. Sidan det er til dels store skilnadar mellom kor langt dei ulike hubane har kome i dette arbeidet, er det også aktuelt å støtte vidareutvikling av allereie eksisterande samarbeid, seier Tor André Ljosland, leiar av hovudutval for næring.
Utlysinga vart vedteken av hovudutval for næring i mars og er no mogleg å søke på.
Industriell symbiose
Grøn region Vestland identifiserte også fleire kritiske oppdrag som må løysast dersom Vestland skal lykkast med grøn omstilling. Eit av oppdraga var å «bygge strategiske grøne hubar gjennom industriell symbiose». Industriell symbiose er ein prosess der aktørar innanfor eit geografisk område delar på ressursar. Dette kan vere alt frå vatn og energi, til avfalls- og biprodukt. Målet er å utnytte ressursane best mogleg, men også å redusere avfall og svinn.
Søknadar blir handsama fortløpande
Det er ingen søknadsfrist for ordninga, og søknadar blir handsama etter kvart som dei kjem inn. Siste moglege søknadsdato er 31. oktober 2022. Ordninga kan verte avslutta før dette tidspunktet dersom totalbeløpet på 4 mill. kroner er delt ut.