Fem kommunar får støtte til e-sport og gaming
Sogndal, Sveio, Høyanger, Gloppen og Stad får til saman 205 000 kr til å starte opp eller utvikle lokale tilbod for e-sport og gaming, som også andre kommunar kan dra nytte av.
Tilskotsordninga er del av oppfølginga av Vestland fylkeskommune sin strategi for e-sport og gaming 2022. Tilrettelegging, deltaking, inkludering og samarbeid er nøkkelord der.
Nytt område krev ny kunnskap
– For dei fleste kommunar er dette eit nytt område, som krev ny kunnskap for å leggje til rette på gode måtar. Fylkeskommunen vil gje den ekstra starthjelpa kommunane kanskje treng for å utvikle og få i gang gode modellar for lokale breiddetilbod. Vi ønskjer å skape gode og inkluderande tilbod, som andre kommunar igjen kan sjå til og bli inspirerte av, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Hovudutvalet fordelte tilskotet slik i møtet sitt 30. august:
- Sogndal kommune: 45 000 kr
- Sveio kommune: 40 000 kr
- Høyanger kommune: 45 000 kr
- Gloppen kommune: 45 000 kr
- Stad kommune: 30 000 kr
Oppmodar til sambruk og fleirbruk
Målet med tilskotet er å bidra til å utvikle gode modellar. Kommunane blir oppmoda til å sjå på høve for sambruk og fleirbruk ved å inkludere e-sport og gaming i eksisterande arenaer for kultur og idrett. Det kan til dømes vere løysingar for bruk av ulike rom, utlån av ressursar på tvers av lag, hus og kommunar eller konkrete samarbeid mellom aktørar.
– I strategien vår for e-sport og gaming har vi mål om å hindre utanforskap og sikre sosial berekraft. Vi ønskjer også at det skal utviklast tilbod i breidde, topp og som del av vidaregåande opplæring og å sikre kompetanse og utvikling. Sjølv om summen i denne runden ikkje er veldig stor, så håpar vi tilskota kan bidra til å få i gang noko som kjem gamerane til gode, avsluttar Davies.