Etablerer Nettskulen i Vestland

Nettskulen i Vestland skal bidra med større breidde i fag og vil tilby meir fleksible og likeverdige opplæringsløp for både ungdom og vaksne i heile fylket.

foto ovanfrå av elev med pc, notatblokk, headset m.m.
KLART FOR NETTSKULE: Frå skuleåret 2022/23 er det klart for Nettskulen i Vestland, som skal supplere og utfylle tilbodet ved dei vidaregåande skulane. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Nettskulen i Vestland skal vere eit supplement til og utfylle fagtilbodet ved dei vidaregåande skulane i fylket. Fylkestinget vedtok å etablere nettskulen 17. mars.

– Dette er eit tiltak for fleksibel opplæring, for auka fullføring, livsmeistring og trivsel for alle elevgrupper i heile Vestland. Nettskulen blir eit viktig tiltak for ta vare på ansvaret vårt for vidaregåande opplæring, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Lik tilgang til opplæring

Nettskulen skal medverke til å jamne ut demografiske skilnadar og sikre lik tilgang til kompetanseheving i heile fylket. Slik er nyskapinga i samsvar med fleire av måla i utviklingsplanen.

– Med nettskulen kan fleire elevar på studiespesialisering få høve til å ta sjeldne programfag, som det kanskje ikkje er tilbod om på skulen der dei går. Det blir lettare for både vaksne og lærlingar å ta fag utan å reise langt, og det blir lettare å kombinere læretid og påbygging – blant anna. Eg er sikker på at dette blir eit godt supplement til dei vidaregåande skulane våre, seier Askeland.

Nettskulen ikkje skal vere eit innsparingstiltak, og han skal til dømes ikkje nyttast som erstatning dersom eit tilbod ved ein skule har få søkarar.

2022/23 blir første skuleår

Nettskulen i Vestland blir etablert som eiga eining frå 1. august 2022 og vil tilby fag skuleåret 2022/23. Opplæringstilbodet vil då omfatte både det eksisterande tilbodet om nettundervisning i Vestland fylkeskommune, i tillegg til oppstart av pilotprosjekt for nye tilbod.

Det eksisterande tilbodet omfattar studiekompetansefag for vaksne og nettstudietilbodet for elevar som er for sjuke til å følgje ordinær opplæring. Dei planlagde pilottilboda er blant anna opplæring i fellesfag for elevar med særløp eller som er i full opplæring i bedrift.

Nettskulen får eigen rektor, man skal vere organisert som ei desentralisert eining. Dei vidaregåande skulane i fylket skal levere faga og opplæringa ved skulen. Leiings-, administrasjons- og undervisningsressursar i nettskulen blir lokaliserte ved ulike vidaregåande skular.

Les meir om etableringa og organiseringa av Nettskulen i Vestland i saksframlegget.