Elevar frå Vestland får gratis utdanning i Tyskland

– Vi set pris på at vi kan ha dette samarbeidet med Tyskland og at dei tek imot våre elevar, seier fylkesordførar Jon Askeland. Den nye samarbeidsavtalen om utveksling vart underskriven då representantar for skulestyresmaktene i Erfurt var på besøk i Bergen.

Tre menn signerer eit papirdokument. Foto.
NY AVTALE: Fylkesordførar Jon Askeland, avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal (t.v.) og rektor Oddvar Skråmestø (t.h.) signerer den nye avtalen med Tyskland. Foto: Vestland fylkeskommune

– Målet vårt er at elevar i Vestland skal få høve til å ta utdanning i utlandet. I dag har vi avtalar med skular i fire land, Frankrike, Storbritannia, USA og Tyskland. Vi ser at elevane våre trivst godt og har stort utbyte av opphalda. Dei får interkulturell kompetanse og kjem attende med nye impulsar, kultur og lærdom, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Personar oppstilt i ei trapp innandørs. Foto.
Vidare utvikling av samarbeidet med Tyskland vart diskutert på eit møte på Amalie Skram videregående skole: Avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal (framme f.v.), byråd for barn og unge i Erfurt, Anke Hofmann-Domke og fylkesordførar Jon Askeland. Andre rekke f.v: Rektor Oddvar Skråmestø, Askøy vidaregåande skule, internasjonal koordinator Berit Roksvåg, rektor Silke Knoll ved Marie Elise Kayser Schule, rektor Karsten Pohlemann ved Andreas Gordon Schule. Bak f.v: Sjef på Amt für Bildung/skulekontoret i Erfurt, Werner Ungewiss, leiar for Gesundheitsamt/helsesjef i Erfurt, Winnie Melzer, kontaktperson i Erfurt, Alexander Theis og medarbeidar på Amt für Bildung/skulekontoret i Erfurt, Heiko Wulschner. Foto: Vestland fylkeskommune

Svært godt samarbeid

Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, ivrar også for internasjonalt samarbeid. Samarbeidet med Tyskland starta i Hordaland i 2008.

– Samarbeidet med Tyskland har fungert svært bra. Gjennom desse 14 åra har vi fått ganske tette band. Tyskland er god på utdanning, og elevane får oppleve det tyske utdanningssystemet. Det styrkar samarbeidet med Tyskland. Elevane får ein ekstra dimensjon med seg og personleg vekst. Dei lærer språk og kultur og får kompetanse dei ikkje kunne fått her i landet, seier avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal.

Personar i refleksjakker og hjelm. Foto.
Rektor Oddvar Skråmestø (kvit hjelm) orienterer den tyske delegasjonen om utbygginga av nye Askøy vidaregåande skule. Foto: Sandra Bennewitz/City of Erfurt

14 nye elevar til Tyskland

Elevane, som skal få utdanning i Erfurt i regionen Thüringen i Tyskland komande skuleår, er tatt ut. Alle elevar innanfor studiespesialisering og elektro i Vestland kan søkje.

– Vi kan sende inntil ni elevar på kvart fagfelt. Elevane søkjer gjennom inntaksystemet vårt. I tillegg må dei legge ved eit motivasjonsbrev. Deretter blir dei kalla inn til intervju. Til det nye skuleåret har vi tatt ut ni elevar på elektrofag og fem elevar på studiespesialisering, seier Berit Roksvåg og Lene Fjeldsbø som er ansvarlege for internasjonalisering på opplæringsavdelinga.

Personar i eit apotek. Foto.
Den tyske delegasjonen fekk orientering om apotekarutdanninga ved Åsane vidaregåande skule. Foto: Sandra Bennewitz/City of Erfurt

Styrke næringssamarbeid

– Vi var interessert i å ha eit slikt samarbeid, og det var Erfurt også. Regionen Thüringen er sterk på industri, og vi ville styrke næringssamarbeidet med Tyskland. Først ut var elektrofag. Etter kvart kom studiespesialisering med. Samarbeidsavtalen er no vidareført i Vestland. I tillegg til elektrofag og studiespesialisering, arbeider vi for å utvide avtalen og inkludere utveksling av apotekteknikarar, seier Roksvåg.

Askøy vidaregåande skule har administrert utvekslinga med Tyskland. Eit mogleg samarbeid om utveksling av apotekteknikarar vart diskutert med rektor og avdelingsleiar på Åsane vidaregåande skule under besøket på skulen.

– Går det i orden, kan tyske apotekteknikarane kome hit, og vi kan sende apotekteknikarar til Erfurt.

Oppstilt bilde av personar. Foto.
Den tyske delegasjonen fekk omvising på Åsane vidaregåande skule: Rektor Jens-Petter Storheim (i midten framme). Med på omvisinga var Berit Roksvåg (framme t.h.) og Lene Fjeldsbø (bak t.h.) som begge jobbar med internasjonalisering i Vestland fylkeskommune. Foto: Sandra Bennewitz/City of Erfurt

Intensivkurs i tysk

Elevane på studiespesialisering går heile vg2-året i Tyskland, mens elektroelevane har eit intensivkurs i tysk før dei reiser til Erfurt i slutten av oktober. Askøy vidaregåande skule har og tatt i mot elevar og lærarar frå Erfurt på kortare opphald over eit par veker. Då får dei mellom anna utplassering i bedrifter.

– Elevane på elektrofag gjennomfører skuleåret og tysk eksamen på ein svært god måte. Mange av elevane kan ikkje tysk på førehand. Vi har vore til stades under eksamensslutt og diplomutdeling i rådhuset i Erfurt ved skuleslutt der dei norske elevane held tale på tysk. Det er imponerande å oppleve dette, seier Fjeldsbø.

Tysk delegasjonen på Ulriken.Foto.
Den tyske delegasjonen på Ulriken med internasjonal koordinator Berit Roksvåg ved avdeling for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune (i midten framme). Foto: Sandra Bennewitz/City of Erfurt

Ettertrakta på jobbmarknaden

Vel heime skal elevane ut i lære.

– Mange av dei har alt fått læreplass før dei er tilbake. Dei er veldig ettertrakta på jobbmarknaden her heime og får lett læreplass. Dei får ei anna erfaring enn her heime. Dei blir meir sjølvstendige. Den første kvinnelege eleven i elektrofag i Erfurt var frå Hordaland. Det vekte oppsikt då vi sende dei første kvinnene dit, men dei vart godt tekne imot og har bidrege positivt til læremiljøet på skulen, seier Roksvåg.

Gratis opphald og reise

Utdanninga og opphaldet i Tyskland er gratis.

– Elevane får støtte frå Lånekassen til opphaldet og reisestipend til reisa. Til no har elevane budd på internat. Vi jobbar for at elevane skal få bu hos vertsfamilie i helgane, slik at dei kan bli meir kjende med det sosiale livet og kulturen i Tyskland. Den tyske delegasjonen skal jobbe vidare med dette, seier Fjeldsbø.

Under opphaldet i Bergen deltok den tyske delegasjonen på foreldremøte med dei nye elevane som skal til Tyskland. Under eit møte på Amalie Skram videregående skole vart den nye avtalen signert av partane og den vidare utviklinga i samarbeidet vart diskutert. Delegasjonen har også møtt Bergen kommune og helsebyråd Beate Husa der tema var pandemihandtering.