Ekstra poeng skal sikre lærlingar til ambulansefaget

– Vi har eit godt samarbeid med Helse Førde og skal syte for at dei får nok lærlingar i ambulansefaget, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har gjort eit vedtak om å gje ekstra poeng til elevar frå Sogn og Fjordane som søkjer utdanninga.

Ambulanse som står parkert med dørane opne. Foto.
NYE REGLAR: Godt samarbeid og nye reglar for inntak skal sikre lærlingar i ambulansefaget. Foto: Shutterstock

Fylkeskommunen og Helse Førde har i mange år hatt ein samarbeidsavtale om å rekruttere seks lærlingar i året til ambulansefaget. Dette har sytt for god ambulanseteneste i Sogn og Fjordane. Elevane går på Mo og Øyrane vidaregåande skule, og etter fullført vg2 er dei garantert læreplass i Helse Førde.

Endring

Samanslåinga til Vestland fylkeskommune har endra dette.
– Vi har fått auka søknad til utdanninga, og mange frå Hordaland søkjer seg også til Mo og Øyrane vidaregåande skule. Ikkje alle desse vil gå læretida i Helse Førde, men vil ha læretid eller vidare utdanning andre stader. Siste år var det berre ein av seks elevar som ville ha læretid i Helse Førde. Dermed får dei ikkje nok lærlingar i ambulansefaget, seier Askeland.

Lærlingane til Helse Førde får læretid ved seks ambulansestasjonar med god geografisk spreiing: Vågsøy, Eid, Florø, Førde, Sogndal og Lærdal.
– Slik geografisk plassering kan vere avgjerande for å inngå lærekontrakt ettersom mange lærlingar ønskjer læreplass nær heimstaden, seier fylkesordføraren.

Ekstrapoeng

To vidaregåande skular i Vestland tilbyr utdanning i ambulansefaget. I tillegg til Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde, er det Os vidaregåande skule. Os har 15 elevplassar, mens Førde har seks. Dette er i samsvar med behovet for lærlingar i faget.

For å sikre Helse Førde lærlingar har fylkestinget vedtatt å gje 100 såkalla nærskulepoeng til søkjarar frå Sogn og Fjordane til utdanninga på vg2 i ambulansefag i Førde. Tilsvarande skal søkjarar frå Hordaland få 100 nærskulepoeng ved søknad til utdanninga i ambulansefag i Os.

– Dette vil føre til at søkjarar frå Sogn og Fjordane blir prioritert til utdanninga i Førde, mens søkjarar frå Hordaland blir prioritert til utdanninga i Os. Dermed kan vi oppfylle samarbeidsavtalen med Helse Førde, slik at dei kan få tilstrekkeleg med lærlingar i ambulansefaget kvart år, seier Askeland.

Han legg til:
– Det er viktig for meg at når vi no har fått ein ny fylkesstruktur, så må vi sjølvsagt sikra at vi stettar dei viktige lokale behova. Fylket skal vere ein trygg støttespelar for lokalsamfunna. Då er slike grep viktige.

Gode erfaringar

Erfaringane med samarbeidet med Helse Førde gjennom mange år er gode.
– Elevane får praktisk opplæring hos Helse Førde som stiller med nytt og relevant utstyr, øvingsrom og ambulanse. På denne måten får elevane realistisk opplæring. Dette er eit godt eksempel som viser korleis vi kan lukkast med å gje elevane god og relevant praksis og opplæring gjennom samarbeid. Helse Førde garanterer for seks lærlingplassar, og fylkeskommunen og skulen følgjer opp den enkelte elev og lærling slik at opplæringa blir fullført, seier fylkesordførar Jon Askeland.