Eit halvt hundreår med foto og film frå indre Sogn
Vestland fylkeskommune har fått oppdraget med å bevare Bergum-arkivet, eit av dei største fotoarkiva frå indre Sogn.
– Denne våren markerte ein milepæl for bevaringa av historiske foto frå Sogn, med at det rikhaldige arkivet til fotografane Bjørn Bergum og far hans, Leiv Bergum, no har komme til magasina våre på Leikanger. Her skal vi oppbevare bilda og sikre dei for ettertida. Men kanskje aller viktigast er at vi skal gjere Bergum-arkivet så tilgjengeleg som mogleg for publikum, seier Arnt Ola Fidjestøl, seksjonssjef for arkiv i Vestland fylkeskommune.
Utfordrande å oppbevare
Fotograf Bergum heldt til i Sogndal, men er eit kjent omgrep i store delar av indre Sogn. I til saman over 50 år dokumenterte far og son Bergum lokalhistorie, næringsliv, natur og familiar med både foto og film i eit fotoarkiv som tel opp mot 200 000 bilde. Bjørn Bergum deltok sjølv i flyttearbeidet av arkivet frå Sogndal til magasinet på Leikanger. Han er klar på kvifor han ønskjer at fylkeskommunen skal forvalte det for framtida.
– Det er heilt fantastisk at fylkeskommunen kjem og hentar alt. Eg har tenkt på det i fleire år, at no må me passe på å få gjort noko med arkivet. Både son min og eg er opptekne med anna, men negativa og filmane har no lege her, seier Bergum.
Sonen Leiv Erik er ikkje fotograf som faren og farfaren, men er engasjert i arven etter dei.
– For meg er det viktig at dette blir teke vare på, fordi det er utfordrande for oss å oppbevare det godt. Det kjennest verdifullt å bidra til at det er bevart for ettertida, slik at arkivet kan brukast av nye generasjonar, seier han.
Kulturhistorisk gull
Foto og film blir registrert og oppbevart i sikre magasin no som arkivarane til fylkeskommunen tek over forvaltninga. Fotoarkivet etter to blad Bergum er både unikt, variert og svært omfattande.
– Det er rett og slett unikt i regional samanheng. Vi har her sikra oss kulturhistorisk gull i form av flyfotoproduksjonen, oppdragsfotograferinga for næringslivet, folkelivsbilde frå både Sogndal og andre stadar og levande film, fortel fotoarkivar Hedvig Ølmheim, som var med og henta arkivet.
I fotoarkivet er det blant anna filmintervju med Gunnar Øren, som var industriarbeidarar i Årdal, og med Anders Onstad og Kåre Sønnerheim, som fortalde om livet på fjellgarden Sinjarheim i Aurland. Utvalde bilete har også tidlegare vorte brukte i Leiv Bergum sine bøker som viser utviklinga i regionen.
Tapte familiebilde og lokalhistorie
– Foto er viktige kjelder til kunnskap om fortida og samtida. Dei fortel oss om korleis samfunn, busetnad og mykje anna har endra seg over tid. Noko av det viktigaste for oss er å gjere dette rikhaldige arkivet vi no har fått ansvar for, tilgjengeleg. Kanskje kan vi hjelpe nokon som leitar etter tapte familiebilete frå tidlegare tiår, då arkivet inneheld mykje portrett av barn, bryllaup og konfirmantar, seier Ølmheim.
Arkivet etter Bergum-fotografane er også aktuelt for dei som leiter etter foto- og filmmateriale til eigne prosjekt og til lokalhistorisk arbeid.
Digitalisering på trappene
Først og fremst skal utvalde delar av det store fotoarkivet digitaliserast og bli vist ope på nett i webarkiv for foto. Filmmaterialet skal også digitalisast i samarbeid med Nasjonalbiblioteket. Publikum kan alt no ta kontakt med arkivarane for å få hjelp til å finne fram til og få bruke foto og film frå arkivet.
I flytteprosessen, mellom pakking, bering og løfting, fekk Bjørn Bergum det store spørsmålet: Har han fotografert alle i Sogndal?
– Å nei, det er vel ikkje mogleg. Og eg var ikkje åleine, Per Ingar Sviggum har vore ein viktig fotograf i regionen. Men det har jo blitt ein del portrett, saman med mykje anna vi har drive med. Så det er litt av kvart i dette arkivet, slår han fast.