Bybanen skal gå vidare til Åsane
– Bybanen er ein suksess. Vi skal bygge den vidare til Åsane, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkestinget har slutta seg til det framlagde forslaget til reguleringsplan for traseen, men har ein del merknader og kommentarar.
Bergen kommune har sendt reguleringsplanen for bybanetraseen mellom Bergen sentrum og Åsane på høyring. Bystyret skal vedta den til våren. Fylkestinget har vedtatt eit omfattande svar på høyringa med kommentarar.
– Bybanen er prioritert satsing for Vestland fylkeskommune. Den gir Bergen eit høgverdig, føreseieleg og kapasitetssterkt kollektivsystem. Vidare utbygging av bybane gjennom sentrum og nordover, vil utløyse meir kapasitet og utnytte eksisterande infrastruktur endå betre, understrekar Askeland.
Konkurransedyktig
Fylkesordføraren legg vekt på at Bybanen vil bli konkurransedyktig.
– Transportsystemet mellom sentrum og Åsane er svært sårbart. Trafikken blir ofte lamma på grunn av stans. Bybanen vil i så måte vere eit viktig og konkurransedyktig tilbod til bil ettersom den går i eigen trase. Den vil auke framkomsten betydeleg, noko erfaringane frå søndre bydel viser så tydeleg. Bybanen til Åsane er dermed eit miljøvenleg, effektivt og trygt transportsystem og eit sentralt grep for å nå nullvekstmålet i biltrafikken. Bybanen gjev også Åsane moglegheit for verdifull byutvikling, slik vi har erfart i søndre bydel, seier fylkesordføraren.
Hovudsykkelrute og forlenga Fløyfjelltunnel
Byggetrinn 5 av Bybanen til Åsane omfattar sju reguleringsplanar og inkluderer planar for forlenga Fløyfjelltunnel og hovudsykkelrute.
– Vi kan i hovudsak stille oss bak planforslaga. Konfliktfylte område har stort sett funne si løysing gjennom omfattande samhandling undervegs i prosessen. Men vi har merknader til høve som ikkje er tilstrekkeleg i samsvar med viktige regionale mål og fylkeskommunale sektorinteresser. Desse fremjar vi motsegn mot, avsluttar fylkesordførar Jon Askeland, som understrekar at motsegn er eit grunnlag for vidare dialog fram til omforeint løysing.
Motsegna går mellom anna på å hindre konflikt med verdsarven og mellomalderbyen Bergen og å droppe den ekstra inngangen ved den underjordisk haldeplassen under Sandvikskirken i Gørbitz gate.
13 kilometer lang
Bybanen til Åsane blir om lag 13 kilometer lang mellom Bergen sentrum og Vågsbotn. Banen skal gå delvis i tunnel og får 14 haldeplassar. På strekninga mellom Sandviken og Eidsvåg blir E-39 flytta inn i forlenga Fløyfjellstunnel for å gje plass til bybane, lokalveg og sykkel på dagens E39.
Les svaret på høyringa frå fylkestinget i 19 punkt (pdf)
Merk at siste setning i pkt 4 vart vedteken å ta ut