Bli ny-operasjon gjorde folkebiblioteket opnare, lysare og veldig populært
Ved hjelp av 250 000 kroner frå Vestland fylkeskommune har Gloppen folkebibliotek skapt eit bibliotekrom som opnar for å ta i bruk biblioteket på nye måtar.
Med nye møblar, tekstilar, betre lys og betre utsikt har biblioteket i endå større grad blitt ein relevant og tilgjengeleg møteplass i lokalsamfunnet. Biblioteksjef Torill Berge fortel om gode tilbakemeldingar.
Ville ha betre plass til ulike grupper
– Vi har fått eit lokale som i større grad inviterer folk til å vere her. Før kom dei gjerne innom, lånte bøker og gjekk. No kjem dei inn, slår seg ned og tek ein kaffi. Tidlegare fungerte ikkje biblioteket heilt godt med omsyn til soneinndeling for ulike brukargrupper. Vi ville ominnreie for å få meirope bibliotek, få betre plass til barn, familiar og ungdomar. Og det var viktig for oss å få eit overordna blikk utanfrå, fortel Berge.
Meirope bibliotek betyr at dei som har avtale om det, kan gå ut og inn av biblioteket som dei vil, også utanom bemanna opningstid.
Gloppen folkebiblioteket held til i Trivselshagen på Sandane og er også skulebibliotek for Firda vidaregåande skule. Berge fortel at det var rundt 2020 at dei tilsette på biblioteket byrja å sjå at lokalet trong oppgradering og gjerne også eit behov for å sjå på romløysinga på nytt.
Interiørarkitekt vart nøkkel til suksess
Dei bestemde seg for å søkje tilskot til utvikling av folkebiblioteklokale frå Vestland fylkeskommune og fekk full utteljing: 150 000 kr til utvikling og i tillegg 100 000 kr til interiørarkitekt. Og interiørarkitekt Mette Heimtun vart svært sentral i prosjektet, fortel kultursjef i Gloppen, Birte Fossheim.
– Ein av dei største suksessane i prosjektet var at ho presenterte alle forslaga sine samla for alle som var involverte i ombygginga. Ho hadde med seg stoffprøvar og fargekart, og ho fekk alle med seg. Då fekk vi ein enorm entusiasme for at dette skal vi få til. Det er noko å ta med seg vidare også i andre prosjekt, seier Fossheim.
Interiørarkitekten presenterte ein overordna plan for korleis ein kunne få til ei total oppgradering av biblioteket. Tilskotet frå fylkeskommunen og eigendelen biblioteket hadde sjølv rakk ikkje til alt, men presentasjonen førte til stor entusiasme og eit ønske om å gjere så mykje av oppgraderinga på ein gong. Trivselhagen Eigedom IKS prioriterte å ta blant anna veggar, lys og det byggtekniske, og biblioteket brukte midlane sine til interiør og møblar.
Ombyggingsprosjektet vart eit samarbeid mellom folkebiblioteket, kommunen, fylkeskommune, Firda vgs. og eigedomsselskapet Trivselshagen Eigedom IKS.
Får løyst samfunnsoppdraget betre
Dei har blant anna teke vekk veggar, opna lokalet mot bygda og sjøen, fått inn fleire store golvteppe og lampar, fått tydeleg inndelte soner og mange sitjeplassar, og ein ny skranke.
– Ombygginga gjer at vi får løyst samfunnsoppdraget vårt betre. Biblioteka er ein av få stadar i samfunnet som er ein uforpliktande, gratis og ikkje-tidsavgrensa stad å kome til. Det skal vere eit offentleg, felles rom. Då må vi fornye oss, vere relevante og attraktive, elles blir vi for spesielt interesserte, slår biblioteksjef Berge fast.
Ho fortel at ombygginga ikkje har gått utover omfanget på boksamlinga. Men god disponering av arealet gjer at dei likevel har fått meir plass.
Fleire og tydelegare soner
Å få eit godt meirope bibliotek var noko av utgangspunktet for prosjektet. Gloppen folkebibliotek har no over 530 meirope-avtalar.
– Meirope-konseptet gjer at folk tek eigarskap til biblioteket på ein annan måte, trur Berge.
Ho er sikker om at tiltak som tydelege soner og variasjon i sitjeplassar inviterer folk til å kome inn og bli verande. På biblioteket finst det no to lune sitjeamfi, eitt av dei med utsikt til fjorden. Det er også eit langbord med stolar, der ein kan jobbe og studere. Barneavdelinga har fått større plass og eit tydelegare «rom», og overgangen mellom barn, større barn og ungdom er betre enn før. Men kva er biblioteksjefen mest nøgd med?
– Det er at bibliotekrommet er langt meir innbydande. Det er lunare, opnare og med fleire skjerma krokar som inviterer folk til å slå seg ned, fortel biblioteksjefen.
Heilskapstenkinga sentral
I tillegg til tilskotet på til saman 250 000 kr har seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune også bidrege med fagleg støtte i ombyggingsprosjektet. I starten av november var Anja Angelskår Mjelde og Siv Merethe Hatlem på synfaring, og dei likte det dei såg.
– Gloppen har no fått eit funksjonelt og innbydande bibliotek. Vi er svært glade for at tilskotet frå fylkeskommunen har bidrege til eit så godt resultat. Vi ser at heilskapstenkinga i planlegginga har vore ein suksessfaktor. Det var viktig med ein interiørarkitekt som laga ein heilskapleg plan, og der begeistringa for denne løyste ut ei større oppgradering av lokalet, seier Mjelde.
Viktige sosiale arenaer
Dei er også opptekne av at eit moderne bibliotek er så mykje meir enn ein plass å låne bøker, og håpar alle ser kor viktig det er med eit levande og attraktivt bibliotek.
– For å løfte biblioteka treng vi at leiinga og lokalpolitikarane i kommunane ser og styrkar biblioteket og gjev det høve til å utvikle seg i takt med kva eit moderne bibliotek skal vere. Det er ein viktig sosial arena. Det å bidra til å vidareutvikle biblioteka som relevante og viktige institusjonar i lokalsamfunnet angår oss alle, og vi håpar mange kommunar søkjer arenautviklingsmidlane og følgjer i fotspora til Gloppen, seier Hatlem.
Vestland fylkeskommune lyser ut nye midlar til arenautvikling i bibliotek våren 2023.
I oppgraderinga i Gloppen har kommunen/biblioteket brukt 367 428 kr samla sett. Det inkluderer tildelinga frå Vestland på 150 000 kr, og resten er investeringsmidlar til meirope bibliotek.