82,5 millionar til kulturminne i Vestland
Hovudutval for kultur, idrett og integrering løyvde i møtet 23. mars heile 82,5 millionar kroner i tilskot til kulturminnetiltak i fylket.
I Vestland er det tett mellom både kulturminne og kulturmiljø av nasjonal og regional verdi. Mellom anna har fylket flest verna og freda fartøy i landet, og av dei åtte verdsarvområda i Noreg, ligg tre i Vestland.
Berekraftig verdiskaping og bruk
Fylkeskommunen skal bidra til å ta vare på kulturarven for framtida og fordeler kvart år tilskot gjennom ei rekke tilskotsordningar. Tilskota går både til istandsetting og til drift og vedlikehald.
– Tilskotsordningane bidreg til å sikre viktige kulturminne og kulturmiljø i Vestland. I tillegg bidreg dei til berekraftig verdiskaping og bruk. Ikkje minst er istandsetjing av bygningsarven eit godt klimatiltak. Om vi i større grad nyttar eksisterande bygningar, vil det redusere behovet for nybygg og slik redusere klimaavtrykket, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.
Stor frivillig innsats
Kulturarvfeltet er ein arena der frivilligheita viser stort engasjement. Tilskotsordningane bidreg til å stimulere kompetansen og innsatsen til dei frivillige i verdiskaping både lokalt og regional. Det er også viktig for å halde liv i kunnskapen om eldre handverk og teknikkar.
– Å setje i stand kulturminne kan bety mykje for identiteten i lokalsamfunna og bidra positivt i eit folkehelseperspektiv, slår Davies fast.
Kven får tilskot?
Oversikt over kven som får tilskot i dei ulike ordningane finn du i protokollane for dei ulike sakene:
- Driftstilskot til nasjonale og regionale kulturminne
- Tilskot til forvaltning og drift av verna og freda fartøy
- Tilskot til sikring og istandsetjing av verna og freda fartøy
- Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne
- Tilskot til verdsarven i Nærøyfjorden
- Tilskot til profane mellomalderbygg
- Tilskot til mellomalderruinar
- Tilskot til freda kulturinne i privat eige
- Tilskot til verdsarven på Bryggen
- Tilskot til brannsikring av verneverdige tette trehusmiljø i Vestland
Historiske ferdsleårer
Hovudutvalet gjorde i møtet òg ei prioritering om kva lokale, historiske ferdsleårer, stiar og vegar som bør få tilskot frå Riksantikvaren i 2022. I alt søkte 40 frivillige aktørar om tilskot frå ordninga. Det syner at engasjement kring historiske ferdsleårar femner vidt og utløyser stor frivilligheit i Vestland.
Hovudutvalet tilrår at Riksantikvaren løyver pengar til desse åtte tiltaka, og Riksantikvaren gjer endeleg vedtak seinare:
- Fjordabåtane – marknadsføring av turar med verna og freda fartøy, oppleving av historisk ferdsleveg til sjøs
- Frivillig gruppe – formidling av drifte- og ferdselsveg mellom Bergen og Voss
- Stiftinga Ormelid – rydding av tørrmura historisk gardsveg knytt til vestnorsk freda høgdegard
- Venner av Aurlandsdalen – skjøtsel, vedlikehald og utvikling av servering- og overnattingstilbod langs ferdslevegen i Aurlandsdalen
- Fjære og Rullestad idrettslag – utbetring av postvegbru over Rullestadjuvet
- Lindås sogelag / Strilamuseet – formidling og tilrettelegging av Den Trondhjemske Postvei i Alver
- Røldal historielag – utbetring av dei historiske pilegrimsvegane til Røldal
- Stiftelsen Bergens Elektriske Sporvei – gjenskaping av historisk sporvegline i Bergen