21 område i Sogn og Fjordane har nasjonal kulturhistorisk interesse
– Målet er at vi skal få god forvaltning av landskapet, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet vil ha eit register over landskap av nasjonal interesse i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.
Riksantikvaren har, etter oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, sendt ut på høyring ei oversikt over 21 område i Sogn og Fjordane som bør vere med. Registeret har fått namnet KULA og skal ha oversikt over alle landskap i Noreg som har nasjonal interesse. Sju fylke i landet er til no blitt med i registeret.
– Vi ser nytten av eit slikt register. Det skal bidra til å ta vare på og utvikle dei mest verdifulle kulturhistoriske landskapa i fylket. Hordaland kom med i dette registeret i 2016, og no skal Sogn og Fjordane bli med, seier fylkesordføraren.
Vise mangfald
KULA-registeret skal vere eit sentralt kunnskapsgrunnlag for forvaltninga i kommunar, fylke og stat.
– Vi skal bruke registeret i arbeidet fylkeskommunen har med kulturarv. Det skal vise mangfaldet i historia vår og signalisere tydeleg kva landskap det må takast særskild omsyn til i areal- og sektorplanlegginga. Registeret vil vi også bruke til tidlege og tydelege tilbakemelding til kommunar og andre i samband med arealplanlegginga. Dette vil medverke til at kulturmiljøforvaltninga vil bli meir føreseieleg for kommunane og sektorane i deira arealplanlegging og forvaltning av landskap, seier Askeland.
Ikkje vern
Etablering av KULA-registeret inneber ikkje vern eller freding av landskapet.
– Registeret er ikkje ein verneplan, og landskapa blir ikkje freda eller verna ved at dei blir inkludert i registeret. Derimot skal det auke medvitet og vere ei oversikt over kulturhistoriske verdifulle landskap i Noreg. Målet er å medverke til ei god forvaltning av landskap generelt og spesielt dei nasjonalt viktige landskapa, seier fylkesordføraren.
Svært variert og vakker
– Landskapa i Sogn og Fjordane er svært varierte og vakre. Dei fortel eit mangfald av historier om menneska som har levd og lever her. Naturen har gjeve menneska høve til å leve i fylket i lang tid. Vi finn spor etter menneska heilt tilbake til steinalderen. KULA-registeret skal fortelje om dette mangfaldet av historier. I dei utvalde områda er desse historiene framleis synlege, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkesutvalet har vedteke å få lagt fram ei sak til utvalet i løpet av første kvartal neste år om erfaringar frå i kva grad kommunane tek omsyn til eller legg vekt på områda som er med i registeret. Dette kan til dømes vere i samband med kommuneplanar og arealdel.
Dei 21 områda i Sogn og Fjordane som er tilrådd å bli med i registeret er:
- Stadlandet, Stad kommune
- Selja, Stad kommune
- Nordfjord, Kinn og Bremanger kommunar
- Strynefjellet vest, Stryn kommune
- Midtre Bremanger, Bremanger kommune
- Den ytre skipsleia med fjelløyene, Kinn og Askvoll kommunar
- Jølstravatnet, Sunnfjord kommune
- Tysselandet og Leite, Fjaler kommune
- Lustrafjorden, Luster kommune
- Hyllestad, Hyllestad kommune
- Høyanger, Høyanger kommune
- Balestrand og Vangsnes, Sogndal og Vik kommunar
- Grinde og Engjasete, Sogndal kommune
- Strendene i Vik, Vik kommune
- Hove og Hopperstad, Vik kommune
- Gulatinget, Gulen kommune
- Nærøyfjorden, Aurland, Vik, Lærdal kommunar og Voss herad
- Filefjell vest, Lærdal kommune
- Lærdal, Lærdal kommune
- Aurlandsdalen frå Østerbø til Vassbygdi, Aurland kommune
- Bergensbanen og Flåmsbana, Aurland kommune og Ulvik herad