20 millionar til grøne og kompetansefremjande utviklingsprosjekt
Tilrettelagte kurs innan grøn omstilling, fornybar solkraft og berekraft for lokale mat- og drikkeaktørar. Dette er nokre av temaa i utviklingsprosjekta som no får støtte frå fylkeskommunen.

Hovudutval for næring vedtok denne veka medfinansiering av 19 ulike utviklingsprosjekt som vil bidra til å realisere måla i det fireårige handlingsprogrammet for Berekraftig verdiskaping 2022 – 2025.
– Slike tilskotsordningar gjer at fylkeskommunen kan få fram nye idear, skape synergiar og nye løysingar for berekraftig verdiskaping, seier Tor André Ljosland, leiar av hovudutval for næring.
Handlingsprogrammet har satsingane grøn næringsutvikling, areal til næringsutvikling, kompetanseutvikling i arbeidslivet og innovative og inkluderande samfunn. Denne utlysinga har hatt eit særskilt fokus på grøn næringsutvikling og kompetanseutvikling i arbeidslivet. Det er òg sett av inntil 1 million kroner til prosjekt som kan stimulere til utvikling av sirkulære verdikjeder knytt til plast. Midlane skal gå til prosjekt som legg til rette for næringsutvikling og innovasjon, og er ikkje direkte støtte til etablerarar eller bedrifter.
51 søknadar
I denne søknadsrunden blei det lyst ut vel 20 millionar kroner med søknadsfrist 10. mai. Til saman kom det inn 51 søknadar med ein samla søknadssum på vel 54,5 millionar kroner.
I tillegg til dei 19 prosjekta som no får tilskot, har fylkesdirektør fått fullmakt til å gå i nærare dialog med tre av søkjarane om nedskalering av prosjekta. Dette er prosjekt som har fått gode vurderingar, men der dei omsøkte beløpa er høge sett opp mot tilgjengelege midlar i denne søknadsrunden.
– Økonomisk støtte til utviklingsprosjekt er eit av fylkeskommunen sine viktigaste verktøy for å gjennomføre vedteken innovasjons- og næringspolitikk. Vestland har eit mål om eit næringsliv med netto nullutslepp innan 2030 og prosjekt innan industriell symbiose, sirkulærøkonomi, nye grøne verdikjeder og fornybar energi er ekstra viktige på vegen mot dette målet. I tillegg har vi i Vestland eit fokus på å sikre framtidig tilgang på kompetent arbeidskraft. Prosjekt som bidreg til kompetanseutvikling i arbeidslivet har derfor vore høgt prioriterte, seier Ljosland.
Grøn omstilling for den maritime næringa
Eit av prosjekta som no har fått stønad er Sustainable Energy AS sitt prosjekt Tilrettelagt kursutvikling for arbeidslivet mot grøn omstilling. Tilskotet er på 1,35 millionar kroner. Prosjektet har som mål å utvikle kurs for den maritime næringa, med fokus på grøn omstilling. Kursa skal basere seg på kompetanse industrien etterspør, vere lett tilgjengelege og enkle å gjennomføre. Det er lagt opp til eit breitt samarbeid og prosjektet er tilretteleggjande for ein heil bransje.
Fornybar solkraft
Atheno har fått tilskot på 980 000 kroner til prosjektet Grøn næringsutvikling med fornybar solkraft. Målet her er å gjere næringslivet i Vestland og Sunnhordland i stand til å satse meir på solenergi. Noreg og Europa er på etterskot når det gjeld å nytte seg av dei fornybare energikjeldene og potensialet for solkraft er i følgje fagmiljøa stort. Prosjektet har som mål å generere meir kompetanse og framtidige arbeidsplassar.
Berekraftig matproduksjon
Det største enkeltvise tilskotet er gitt til Matarena sitt prosjekt Berekraft i praksis for lokale mat- og drikkeaktørar i Vestland. Her ønsker Matarena mellom anna å utvikle ei verktøykasse for berekraft, som skal bidra til å auke produsentane sin kompetanse og gjere det lettare å jobbe meir profesjonelt med integrering av berekraft i heile verdikjeda. Arbeid med emballasje blir til dømes trekt fram som eit område der ein kan gjere store reduseringar i plastbruken. Tilskotet er på 1,75 millionar kroner.
For meir informasjon og oversikt over alle tildelingane, følg denne lenka: