15 elevar i Vestland kan gå vg2 i Frankrike

– Vi har hatt eit godt og fint samarbeid over mange år, seier avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, etter at Vestland fylkeskommune har signert ny avtale om samarbeid med regionen Normandie i Frankrike.

Fire personar i ein samtale. Foto.
NY SAMARBEIDSAVTALE: Nelly Naasen, Voss gymnas (f.v.), Bjørn Lyngedal, Vestland fylkeskommune, Jorid Skiple, Voss gymnas og rektor Bruno Monmousseau ved skulen Lyce Fresnel. Foto Lene Fjeldsbø/Vestland fylkeskommune

Målet med samarbeidsavtalen er at elevar i Vestland skal få ta eit skuleår i Frankrike og at elevar frå Normandie kan få eit opphald med vekt på språk og kultur i Vestland.

– Vi har sendt mange elevar til Frankrike, og vi har hatt mange franske elevar på skule hos oss. Vi ønskjer elevutveksling over grensene for at våre elevar skal få innsikt og lære framande kulturar. På same måte vil vi gje ungdommar i andre land høve til å lære norsk språk og kultur. Elevane har veldig godt utbyte av dette og knyt kontaktar for resten av livet, seier Lyngedal.

Mann og kvinne signerar protokoll. Foto.
Signering av samarbeidsavtalen: Bjørn Lyngedal, Vestland fylkeskommune og Nelly Naasen, Voss gymnas (t.h.) Dei andre representerer Universitetet i Caen, regionrådet i Normandie og dei vidaregåande skulane i Normandie. Foto Lene Fjeldsbø/Vestland fylkeskommune

Venskapsavtale i 1993

Normandie er ein av venskapsregionane til Vestland. I 1993 vart den første venskapsavtalen oppretta mellom Hordaland og Nedre Normandie. Det var ein overordna avtale som for det meste gjekk på kultur. I 2008 vart ein eigen utdanningsavtale oppretta. I 2013 vart samarbeidsavtalen fornya, og etter fylkessamanslåinga både i Frankrike (2016) og i Noreg (2020) er utdanningsavtalen mellom Normandie og Vestland fornya.

Den nye avtalen vart underskriven av alle partar i Normandie 23. mars der Bjørn Lyngedal deltok saman med Lene Fjeldsbø frå avdeling for opplæring og kompetanse, avdelingsleiar Nelly Naasen og koordinator og fransklærar Jorid Skiple, begge ved Voss gymnas.

– Avtalen fungerer slik at inntil 15 elevar i Vestland kan få gå vg2 i Frankrike. Vi har avtale med fem skular i Normandie, tre skular i Caen, ein skule i Argentan og ein skule i Coutences. Elevane bur delvis hos ein vertsfamilie og delvis på internat og følgjer den ordinære undervisinga ved skulen. I tillegg får dei ekstra franskopplæring ved Universitetet i Caen, som vi har avtale med, fortel Lene Fjeldsbø.

Mann og kvinne i møte, smilande til kamera. Foto.
– Elevane har veldig godt utbyte av skuleåret i Frankrike og knyt kontaktar for resten av livet, seier Bjørn Lyngedal, her saman med Jorid Skiple som er koordinator og fransklærar ved Voss gymnas. Foto Lene Fjeldsbø/Vestland fylkeskommune

Motivasjonsbrev

Alle elevar i Vestland som går vg1 med fransk 2 kan søke om å ta det andre året i Frankrike. Til det komande skuleåret har 13 elevar søkt. Elevane må legge ved eit motivasjonsbrev og blir kalla inn til intervju. Representantar for skulane i Frankrike deltek og delar av intervjuet er på fransk.

– Det er veldig tøft å gå dette skuleåret i Frankrike. Elevane må kunne ein del av språket og vere motiverte. Dei lærer veldig mykje dette skuleåret. Skuledagen varer til klokka 18, men dei har ei lengre lunsj midt på dagen. Onsdagane sluttar skuledagen tidlegare, slik at dei kan delta på fritidsaktivitetar, seier Fjeldsbø.

Elevane får det aller meste av utgiftene med skuleåret i Frankrike dekka gjennom stipend og støtte frå Lånekassen, fylkeskommunen, Voss gymnas og regionen i Normandie, slik at dei får pengar til utstyr, reise og opphald, med meir. Det er ikkje skulepengar i Frankrike.

– Elevane som består skuleåret i Frankrike går rett til vg3 her når dei er tilbake, seier Fjeldsbø.

Bilete der nokon sit ved eit bord og andre står oppstilt bak. Foto.
Delegasjonen frå Vestland på Universitetet i Caen, der dei norske elevane får ekstra franskundervising. Her møtte dei årsstudiumsstudentar frå NTNU, mellom anna ein student frå Vestland som tidlegare har gått i den norske klassen der borte. Foto: Jorid Skiple/Vestland fylkeskommune

Franske elevar på Voss gymnas

Samarbeidsavtalen med Normandie inneber også at inntil 15 elvar i Normandie kan søke og gå på vidaregåande skule i Vestland. Voss gymnas er vertsskule og koordinator, men elevane kan og bli plassert på andre skular i Vestland, avhengig av kvar vertsfamiliane bur. Dei franske elevane går ikkje eit heilt skuleår her, men fem-seks veker mellom vinterferie og påskeferie. Dei bur hos vertsfamiliar. Før dei kjem til Noreg skal elevane få opplæring i norsk, eit studium på om lag 40 timar ved Universitetet i Caen. På Voss får dei franske elevane ein eigen lærar som skal gje ytterlegare norskopplæring og rettleie elevane i problemstillingar knytt til det nye livet i Noreg.

Samarbeidsavtalen med Normandie er basert på den såkalla Cardiffmodellen. Venskapsamarbeidet med Cardiff og Wales førte til den første utvekslinga av elevar på 1990-talet. Seinare har også USA og Erfurt i Tyskland hatt samarbeidsavtalar om elevutveksling.