Vetle fekk det første e-sportstipendet i Noreg
– Dette var uventa, men gøy, seier Vetle Faret Tønnesen (16) som har fått det aller første e-sportstipendet i Noreg. Det er Vestland fylkeskommune som deler ut stipendet på 40 000 kroner.

– Eg spela fotball, men vart skada i beinet då eg var 12-13 år og måtte slutte. Då byrja eg i staden å spele PC-spelet Fortnite. Eg hadde lyst å spele det, og det var gøy. Det er ein heilt ny måte å spele på som er annleis enn andre spel, seier Vetle.

6. best i Noreg
16-åringen spelar for bergensklubben Playwell og er rangert som den 6. beste i Noreg.
– Fortnite er det spelet som har flest spelarar i heile verda. Vi er delt inn i område, og eg spelar mot dei beste i Europa. Eg har teke eitt år fri frå skulen for å satse på dette. No trenar eg sju-åtte timar for dagen og spelar tre turneringar i veka. Målet mitt neste år er å kome til finalane i dei fire største og viktigaste turneringane, seier Vetle Faret Tønnesen.
Faren Ronny Tønnesen var med sønnen på prisutdelinga i Bergen 19. november.
– Vi er veldig stolte. Det er gøy å sjå at han er heilt på topp i sitt felt i så ung alder. Og så er det fint at han gjer dette heime der vi kan følgje han. Dei som er skeptisk til slik speling, veit ikkje kva det dreier seg om. Han har besteforeldre over 70 år som heier og støttar han og spør korleis det går. Dei synest det er veldig stas at han er så flink. Hadde vi hatt landslag i e-sport, ville han ha vore med der, seier Ronny Tønnesen.

Han er toppidrettsutøvar
E-sportstipendet vart delt ut på konferansen Aktive Gamere på Bergen kino. Aktive Gamere er eit konsept som er utvikla av Idrettsklynge Vest der mellom anna Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Olympiatoppen Vest er med.
Konferansen skal gje informasjon og inspirasjon om e-sport og gaming som er den største fritidsinteressa hos barn og unge. Den er på veg ut av gute- og jenteromma og på veg inn i sosiale møteplassar i idrettslag, fritidsklubbar, bibliotek og samfunnshus.
Idrettssjef Britt Karen Spjeld i Vestland fylkeskommune er stolt over at dei kan gje e-sportstipendet til ein utøvar på så høgt nivå.
– Han er ein toppidrettsutøvar. Det er berre seks-sju på hans nivå i Noreg. Dette stipendet på 40 000 kroner skal gå til vidare utvikling. Fylkeskommunen likestillar no alle idrettsutøvarar, og e-sportutøvarar skal få utviklingsstipend på lik linje med andre toppidrettsutøvarar, seier Spjeld.

Eit forbilde
Stipendet vart delt ut av Stian Davies, som er leiar av hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune.
– Det er kjempestas å kunne gje deg utviklingsstipendet for 2021. Eg er stolt over å kunne løfte ein dyktig utøvar som deg som er eit forbilde for mange andre. Vi har lagt vekt på prestasjonar, potensial og planar du har for vidare satsing, sa Stian Davies.
Sjølv om Vetle Faret Tønnesen berre er 16 år, har han alt oppnådd svært gode internasjonale prestasjonar. Han er rangert som den 6. beste spelaren i Noreg. I år har han oppnådd 28 plasseringar blant topp 100. Av desse er 12 plasseringar blant topp 30 og 7 plasseringar på topp 15.

Sosial møteplass
Fylkesordførar Jon Askeland opna konferansen og la ikkje skjul på at han er tilhengar av e-sport og gaming.
– Dette er ein sosial møteplass. Gaming har vore det som har redda psyken under nedstenginga. Det har sikra livet og trivsel. Eg ønskjer velkommen til denne kule konferansen. Vi i Vestland er ekstra tøffe i trynet. Vi har e-sport som fag i den vidaregåande skulen. Vi skal utvide både med klassar og skular. Vi gjev stipend i støtte og håpar å få sjå ein verdsmeister. Vi er blotta for fordommar her vest. Vi ser berre muligheiter og oppmuntring, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Frustrerte foreldre
Frank Willy Djuvik var med å starte organisasjonen Vestlandet E-sport. Han er og med i Vestland fylkesting.
– Eg er engasjert i dette ut frå eit foreldreperspektiv. Eg var i same situasjon som andre foreldre som sa at barna måtte slutte å spele og byrje å ete meir sunn mat. Men det hjelper ikkje meg som far å seie slikt til barna mine. Vi var ein del frustrerte foreldre som tenkte at dette må vi organisere. Vi måtte legge til rette for meir sunne forhold, kosthald, søvn og fysisk aktivitet. Så vi måtte tenke på dette som eit idrettslag der vi organiserer alle utfordringane vi må løyse og imøtegå alle fordommane, seier Frank Willy Djuvik i Vestlandet E-sport som var medarrangør av konferansen.