Vestlandet foreinar kreftene i ny, felles næringsstrategi
Vestlandsrådet lanserte den nye næringsstrategien 29. juni. Med utarbeiding av felles næringsstrategi, står Vestlandet endå sterkare saman om næringsutviklinga i landsdelen.
Strategien viser for alvor felles interesser og felles moglegheiter for heile regionen.
– Denne strategien skal vere med og styrke Vestlandet som region for verdsleiande, berekraftig næringsliv. Dette skal mellom anna vere basert på kunnskapen og erfaringane som over lang tid er bygd opp i eksisterande næringsliv, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.
Det er Per Vidar Kjølmoen, fylkesvaraordfører i Møre og Romsdal, som er leiar for styringsgruppa for den nye næringsstrategien.
– Med denne næringsstrategien ønskjer Vestlandsrådet å skape eit endå sterkare fundament for samarbeid, vekst og berekraftig utvikling i regionen, seier han.
Tett samarbeid med næringslivet
Strategien som er blitt utarbeida i tett samarbeid med aktørar frå næringslivet, akademia og FOU-miljø langs heile Vestlandet, byggjer på regionen sine komparative fortrinn der havet og naturen gir enorme moglegheiter for vekst. Vestlandet har potensial til å ta posisjonen som den fremste havregionen – ikkje berre i norsk næringsliv, men også internasjonalt.
– På same måte som vi bygde olje- og offshorenæringa på skuldrane til shipping, må vi framover byggje nye næringar på skuldrane til olje- og offshorenæringa. Mykje av den leiande kunnskapen og teknologien opparbeida i den næringa kan bli overført og brukt innan andre, veksande havnæringar, seier Sigrid Brattabø Handegard i hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.
Betre på kunnskap og teknologi
Næringsstrategien peikar òg på behovet for å bli betre på å eksportere kunnskap og teknologi.
– Vestlandet har tradisjonelt vore veldig sterke på råvareeksport, no skal vi bli minst like flinke på teknologieksport, seier leiar Solveig Ege Tengesdal i opplæringsutvalet i Rogaland fylkeskommune.
Næringslivet ønskjer at den statlege styringa og forvaltninga skal sitje tettare på naturressursane og næringsmiljøa dei skal fremje.
– Vi skal difor jobbe for å få fleire offentlege arbeidsplassar til Vestlandet, samstundes som vi sikrar at Vestlandet oppnår ein rettmessig representasjon i dei utval og beslutningsorgan som legg føringane for næringsutviklinga i vår landsdel, seier Kjølmoen
Skal fremje felles interesser
Strategiarbeidet har involvert representantar frå ulike næringar, akademia og FOU-miljø, i tillegg til fylkespolitikarar og dei fylkeskommunale næringsavdelingane.
– Nøkkelen til å lukkast med strategien er å styrkje dette samspelet óg på vegen vidare. Vi skal fremje felles interesser og skape ei felles, sterk røyst på vegne av næringslivet på Vestlandet, seier Tengesdal.