Vestland tar ansvar for utvikling av hydrogenbåtar
– Vi ønskjer å ta leiarskap i utviklinga av nye hurtigbåtar som går på hydrogen. Eg ser fram til dette arbeidet, der vi nok ein gong brukar offentlege innkjøp til å stilla krav som gjev innovasjon og teknologiskifte. Dette seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet har vedteke å jobbe vidare med å førebu og kunngjere utlysing av anbod på dei nye hurtigbåtane.
Vestland fylkeskommune er, saman med Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark, med i eit prosjekt om å utvikle nye, utsleppsfrie hurtigbåtar. Det er planlagt to designløp; eitt som skal sikre utvikling av hydrogenfartøy og eitt for effektivt design som skal gje energieffektivisering ved blant anna skrogoptimalisering.
Einaste utslepp er vatn
– Teknologi for båtar med nullutslepp er ikkje ferdig utvikla. Vi ser at bruk av hydrogen som drivstoff, er aktuelt. Det gir ingen utslepp som forureinar. Det einaste utsleppet vi får, er vatn. Dette er eit godt og klimavennleg alternativ, men det må først avklarast ønska eigerskaps- og ansvarsmodell før vi tar endeleg stilling til å gå vidare med prosjektet, seier fylkesordførar Jon Askeland.
I prosjektet skal dei fire fylkeskommunane i fellesskap utvikle to til fire pilotbåtar med null utslepp. Sambandet Florø-Måløy-Selje er peika på som mogleg samband for pilotbåt som er planlagt pilotert med hydrogen.
Design og tryggleik
Prosjektet er no inne i ein konkurranseførebuande fase. Det er planlagt to utviklingsløp, eitt om tryggleiksgodkjenning av hydrogen som energiberar. Det andre går på å utvikle energieffektivt design for hurtigbåtar som også skal vere nullutsleppsfartøy.
Staten gjennom Klimasats/Miljødirektoratet bidrar med 56 millionar kroner. Dei fire fylkeskommunane stiller med 2,5 millionar kvar, totalt 10 millionar kroner.
Drøftingsmøte 9. juni
Eigarstruktur for dei nye båtane og fordeling av risiko vil bli vurdert til hausten. Etablering av eit aksjeselskap, eigd av fylkeskommunane, kan vere ei mogleg løysing. Dette vil kunne vere fordelaktig for dei involverte fylkeskommunane med tanke på støtteordningar, deling av informasjon med fylkeskommunar som ikkje er ein del av prosjektet, samt risikofordeling.
Fylkesordførarane i dei fire fylkeskommunane skal drøfte blant anna desse sentrale emna i eit felles møte 9. juni.