Vestland fylkeskommune vil gjere det lett å vere frivillig
Vestland fylkeskommune har vedtatt sin første frivilligstrategi. Målet er at det skal vere enkelt å vere frivillig i Vestland.
Hovudutval for kultur, idrett og integrering vedtok frivilligstrategi for Vestland 2021–2022 i møtet 25. mai. Utvalsleiar Stian Davies trur strategien vil styrke samarbeidet og gje frivilligheita i Vestland eit løft.
Samarbeid med organisasjonane
– Målet er å styrke frivilligheita og organisasjonslivet, redusere barrierar for å delta og møte, dei samfunnsendringane vi står overfor. Fylkeskommunen skal vere til stades, nær folk og vere open for samarbeid med frivilligheita. Målet er at Vestland fylkeskommune skal vere tettare på enn dei to tidlegare fylkeskommunane, slår Davies fast.
Vestland fylkeskommune har det siste året samarbeidd tett med dei regionale, frivillige organisasjonane for å lage eit kunnskapsgrunnlag om frivillig sektor i Vestland. Det ligg til grunn for frivilligstrategien.
– Frivillig sektor er sterk og mangfaldig, og den frivillige innsatsen og medlemsskapa i dei frivillige organisasjonane har auka dei seinare åra. Det blir spennande å sjå om trenden held fram i tida etter koronapandemien, seier Davies.
Møteplassar, kompetanse og inkludering
Han meiner at det blir ekstra viktig å støtte opp om frivilligheita no.
– Når det ser ut som vi no er på veg ut av pandemien, er det ekstra viktig å støtte opp om frivilligheita. Som fylkeskommune kan vi mellom anna invitere til møteplassar for å styrke nettverka og kompetansen i frivilligheita. Vi har mål om å styrke det regionale samarbeidet og stimulere til aktivitet og deltaking gjennom tilskotsordningar. I tillegg er det viktig å stimulere arbeidet med inkludering i frivillig sektor, slik at alle kan delta uavhengig av bakgrunn, funksjonsevne og økonomi, fortel utvalsleiaren.
Vil inspirere kommunane
Frivilligstrategien er bygd opp med få mål og tiltak, men vil bli tatt med vidare i arbeidet med regional plan for kultur, idrett og friluftsliv 2023–2035. Fylkeskommunen har invitert til fleire digitale frivilligkonferansar det siste året, i samarbeid med det nasjonale samarbeidsforumet Frivillighet Norge.
– Eitt av måla i frivilligstrategien er å stimulere meir og betre samarbeid mellom frivillig og offentleg sektor. Vi håpar at konferansane vil inspirere fleire kommunar til å setje i gang arbeidet med å utvikle og vedta politikk for frivillig sektor i samarbeid med frivilligheita, slik vi no har gjort i fylkeskommunen, avsluttar Stian Davies.