Vestland fylkeskommune og Bergen kommune etablerer «Havbyen Bergen»

Fylkestinget i Vestland har vedtatt å bidra med ein million kr årleg i tre år for å utvikle prosjektet «Havbyen Bergen». Det blei bestemt på fylkestinget 15. desember.

NY SATSING: Bergen skal bli havby. Foto: Vestland fylkeskommune
NY SATSING: Bergen skal bli havby. Foto: Vestland fylkeskommune

– Bergen og Vestland har vore og skal framleis vera, viktigaste nasjonale- og  internasjonale leiande sentre for havretta aktivitetar. I Vestland fylke hadde desse næringane ein verdiskaping på 95,2 milliarder og sysselsatte 70 330 personar i 2019. Etableringa av Havbyen Bergen vil bidra til fortsatt vekst og aktivitet i denne regionen der havnæringa står så sterkt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Breitt samarbeid både i privat og offentleg sektor

Havnæringane består av marin, maritim, fornybar og ikkje-fornybar energiproduksjon og reiseliv, og i første omgang inngår fylket eit tre-årig samarbeid med Bergen kommune og Universitetet i Bergen om Havbyen Bergen.

Byrådet i Bergen har vore i førarsetet og samarbeida med Vestland fylkeskommune, samt andre private og offentlege aktørar frå bedrifter, næringsklynger, forvaltning, forsking og utdanningsmiljø for å konkretisera prosjektet. Styret for prosjektet skal leiast av fylkesordførar Jon Askeland. Næringsbyråd i Bergen kommune skal vera nestleiar.

Havnæringane består av marin, maritim, fornybar og ikkje-fornybar energiproduksjon og reiseliv. Foto: Inge Døskeland/Vestland fylkeskommune
Havnæringane består av marin, maritim, fornybar og ikkje-fornybar energiproduksjon og reiseliv. Foto: Inge Døskeland/Vestland fylkeskommune

Bergen, hovudstad for havet

Dei marine miljøa i Bergen og Vestland har unike posisjonar for å oppfylle måla om framtidig berekraftig verdiskaping. Den nyleg vedtekne planen for berekraftig verdiskaping fastslår at sjømatnæringa og maritim næring er to av fire verdikjeder med særleg potensiale i framtida sitt lågutsleppsamfunn.

– På tross av Bergen og regionen si lange historie og identitet som «havby», er det ynskjeleg å styrke identitet, lagånd og felles ambisjonar for å ta ein endå tydelegare posisjon saman, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Nytt havkontor i Bergen

«Havbyen Bergen» skal i første omgang opprette eit «havkontor». Oppgåva er å bidra til auka samhandling og profilering av heile det marine miljøet. Havkontoret skal vidare planlegge store arrangement som «One Ocean Week 2023», «Havdagen 2022» og koordinere regionen si maritime deltaking i Arendalsuka.