Vestland fylkeskommune får verdas gjevaste pris innan elektrisk mobilitet

Den prestisjetunge internasjonale prisen E-Visionary Award går til Vestland fylkeskommune. Prisutdelinga skjedde på den globale konferansen EVS34 som finn stad i Nanjing i Kina.

The International Electric Vehicle Symposium & Exhibition nummer 34 (betre kjent som EVS34) er verdas klart største konferanse for og om elektrisk mobilitet.

- Tusen takk! Dette er vi stolte av. Det er ei stor glede å motta prisen på vegner av innbyggjarane i Vestland fylke. Vi i Vestland jobbar knallhardt for elektrifisering for å bli nullutsleppsfylke i 2030, seier fylkesordførar Jon Askeland, som mottok prisen digitalt under avslutninga av konferansen.

Dette seier juryen

The E-Visionary Award er ein pris frå World Electric Vehicle Association (WEVA).

I juryen si grunngjeving går det fram at Vestland fylkeskommune får prisen fordi dei har ei ambisiøs og heilskapeleg satsing på elektrifiering innan fleire formar for mobilitet. Fylket kan vise til framifrå resultat. Vestland er den regionen med høgast del elbilar i nybilsalet i verda. Den elektriske ferjerevolusjonen starta her og Vestland er framleis verdsleiande i elektrifiseringa av ferjerutene. Fylket har tatt ei rolle og sytt for utrulling av hurtigladeinfrastruktur, stiller krav til nullutslepp til taxikøyring og har til og med gitt viktige bidrag til både elektrifisering av luftfarta og elektriske fritidsbåtar.

Har kome langt i elektrifiseringa

- Arbeidet med elektrifisering er viktig for at vi skal kunne ta den grøne leiartrøya. Vi har vore tidleg ute med utbygging av hurtigladarar og i tet med elektrifiseringa av ferjeflåten. Når det gjeld ferjene blei leverandørane bedne om å gje oss teknologi som ikkje var funnen, og levarandørane leverte! No jobbar vi også med å finne gode løysingar for hutigbåtar, seier Askeland.

Han legg til at Vestland er komen langt i elektrifiseringa. Slik det ser ut no, vil nær alle nye bilar vere elektriske allereie i 2025.

Det er også bygd mange ladeplassar dei siste åra. I 2011 var det ein ladestasjon i fylket. No er det meir enn 170 hurtigladeplassar og over 400 ladeuttak.

- I tillegg til dette samarbeider fylket tett med taxianæringa. Fylket er med å bygge ut ladeinfrastruktur for drosjene og no er òg mange av drosjene elektriske, seier Askeland.

- Motiverer oss

Han fortel at prisen er med å motivere til å halde fram arbeidet med elektrifisering.

- Vi håpar arbeidet vi gjer i Vestland kan vere med å inspirere andre byar og regionar.

Om prisen

  • The E-Visionary Award er ein pris frå World Electric Vehicle Association (WEVA).
  • WEVA består av AVERE (The European Association for Electromobility), EVAAP (Electric Vehicle Association of Asia Pacific) og amerikanske EDTA (Electric Drive Transportation Association).
  • Årleg blir det delt ut ein pris frå kvar organisasjon på vegner av WEVA. Dette er ein spesiell oppmuntring til visjonære byar og regionar som satsar på elbilar og berekraftig transport, og som gjer elektrisk mobilitet mogleg for sine innbyggjarar.
  • Den neste EVS-konferansen, EVS35, skal arrangerast i Lillestrøm/Oslo i juni 2022.