To millionar kroner til nyskapande aktivitetsanlegg
Vestland fylkeskommune får to millionar kroner frå Agenda Vestlandet til prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg. Pengane skal delast likt på dei fire pilotprosjekta som har vore med sidan 2020.
Gåveoverrekkinga blir markert onsdag 2. juni kl. 09.00 ved Fusa ungdomsskule, som er ein av pilotane. Dei tre andre pilotane vert med digitalt i eit smittevenleg arrangement.
Viktig prosjekt for fylket
I tillegg til Agenda Vestlandet, deltek også representantar frå Bjørnafjorden kommune og Vestland fylkeskommune fysisk under markeringa. Hovudutvalsleiar for kultur, idrett og integrering Stian Davies kjem også til Fusa ungdomsskule.
– Dette er eit viktig prosjekt for fylket, og vi set enormt stor pris på gåva frå Agenda Vestlandet. Prosjektet går ut på å tenkje nytt om korleis vi skaper lokale møteplassar med varierte og attraktive lågterskeltilbod for fysisk aktivitet. Det handlar om å skape gode lokalsamfunn med plass til alle, og vi er glade for at Agenda Vestlandet støttar dette, seier Davies.
Agenda Vestlandet er ei stifting under Sparebanken Vest.
Lokale behov avgjer anlegg
Prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg skal bygge på lokale behov og eit godt kunnskapsgrunnlag. Vestland fylkeskommune har arbeidd med dei fire pilotane i Bjørnafjorden og Kvam og på Stord og Austevoll sidan 2020. Alle prosjekta handlar om skuleområde.
Noko av poenget er å snu om på prosessen: Først må vi spørje kvifor vi skal bygge noko i det heile, deretter spør vi for kven vi skal bygge. Og til slutt tek vi avgjerda om kva som skal byggast.
Målet er nye typar møteplassar, der vi legg til rette for anna type aktivitet enn t.d. fotball, klatring og andre meir tradisjonelle aktivitetar. Uformelle møteplassar og arenaer for eigenorganisert aktivitet er stikkord.
Nasjonal merksemd
Kommunane har forplikta seg til eit samarbeid og fekk fylkeskommunale midlar til arkitektkompetanse til prosjektering av eit valt skuleområde. Fylkeskommunen har lagt føringar for prosessen, som det er arkitektane som har gjennomført i samarbeid med kommunen.
Saman med kommunane, Vestland Idrettskrets, Lokale- og Anlægsfonden i Danmark , Tverga, KS og andre aktørar, ønsker fylkeskommunen på denne måten å legge til rette for tiltak som kan stimulere til å utvikle og bygge nyskapande aktivitetsanlegg i kommunane i fylket. Prosjektet har fått merksemd nasjonalt, og målet er at dette skal bli den føretrekte måten å jobbe med anleggsutvikling på.