To lister til stortingsvalet vart ikkje godkjende
Fylkesvalstyret i Vestland har samrøystes godkjent alle 22 innkomne lister i Hordaland til stortingsvalet, men berre 17 av 19 lister i Sogn og Fjordane. Det er Kystpartiet og Piratpartiet som ikkje får godkjent sine lister.
![GODKJENT: Stortingsvalet blir 13. september. 22 lister er godkjent i Hordaland og 17 i Sogn og Fjordane. (foto: Valdirektoratet)](/globalassets/foto/2021---nyheitsfoto/valn1000.jpg/LargeImage)
Årsaka til at to av listene ikkje vart godkjende av fylkesvalstyret, var at dei ikkje oppfyller krava i lova. Kystpartiet i Sogn og Fjordane må ha 500 underskifter. Det har dei ikkje greitt å levere. Dei grunngjev med at det har vore vanskeleg å få nok underskrifter grunna koronapandemien.
Piratpartiet i Sogn og Fjordane manglar lokale tillitsvalde for lista. Kravet er at dei skal ha to tillitsvalde som har røysterett i valdistriktet. Begge partia har ikkje greitt å oppfylle krava og blir difor ikkje godkjende. I Hordaland oppfyller alle 22 lister krava og er godkjende.
Dei 22 listene som er godkjende ved stortingsvalet frå Hordaland er, i alfabetisk rekkefølgje:
- Alliansen - Alternativ for Norge
- Arbeiderpartiet
- Demokratene
- Folkeaksjonen nei til mer bompengerVestland
- Fremskrittspartiet
- Generasjonspartiet
- Helsepartiet
- Høyre
- Industri- og Næringspartiet
- Kristeleg Folkeparti
- Kystpartiet
- Liberalistene
- Miljøpartiet De Grønne
- Norges Kommunistiske parti
- Partiet De Kristne
- Partiet Sentrum
- Pensjonistpartiet
- Piratpartiet
- Rødt
- Senterpartiet
- SV - Sosialistisk Venstreparti
- Venstre
Dei 17 listene som er godkjende ved stortingsvalet frå Sogn og Fjordane er, i alfabetisk rekkefølgje:
- Alliansen - Alternativ for Norge
- Arbeidarpartiet
- Demokratene
- Fremskrittspartiet
- Helsepartiet
- Høgre
- Industri- og Næringspartiet
- Kristeleg Folkeparti
- Liberalistene
- Miljøpartiet Dei Grøne
- Partiet De Kristne
- Partiet Sentrum
- Pensjonistpartiet
- Raudt
- Senterpartiet
- SV - Sosialistisk Venstreparti
- Venstre
Valdag 13. september
Stortingsvalet er måndag 13. september. I enkelte kommunar òg søndag 12. september. Førehandsrøystinga startar tysdag 10. august og pågår til og med fredag 10. september.