Streik ved 16 vidaregåande skular

16 vidaregåande skular i Vestland er tekne ut i streik. Det er klart etter at det vart brot i meklinga mellom fagorganisasjonen Unio og kommunar og fylkeskommunar torsdag morgon.

BROT I MEKLINGA: Det er no streik ved 16 vidaregåande skular i Vestland. (foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)
BROT I MEKLINGA: Det er no streik ved 16 vidaregåande skular i Vestland. (foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

750 lærarar er i streik ved dei 16 vidaregånde skulane.

Skulane har varsla elevene om korleis streiken råkar dei. Dei har fått informasjon om kva timar som utgår og kva timar dei skal stille til, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse.

Lovleg streik

Dette er ein lovleg streik, og om lag 750 av 4000 lærarar i Vestland, som er organisert i Unio, er tatt ut.

– Nokre skular er meir råka enn andre, men alle skular vil uansett halde ope. Førebels er det for tidleg å seie korleis streiken råkar eksamen og andre evalueringar. Det må vi komme tilbake til dersom streiken skulle dra ut i tid, seier Lyngedal.

Desse vidaregåande skulane er råka av streik:

  • Amalie Skram (55 tilsette) 
  • Arna (24) 
  • Årstad (73) 
  • Åsane (106) 
  • Bergen Katedralskole (59)  
  • Fyllingsdalen (47) 
  • Laksevåg og Bergen maritime (28) 
  • Nordahl Grieg (69) 
  • Olsvikåsen (43) 
  • Sandsli (37) 
  • Slåtthaug (31) 
  • Stend (34) 
  • Tertnes (37) 
  • Hafstad (31) 
  • Mo og Øyrane (55) 

Andre: 

  • Fagskolen (21)
  • Rettleiingstenesta (20) 
  • Avdeling for kultur, idrett og inkludering (11) 

I tillegg til streiken som råkar skulane, er også andre i fylkeskommunen tekne ut i streik. Det gjeld avdeling for kultur, idrett og integrering der fire tilsette på seksjon for bibliotekutvikling er tatt ut i streik. Dette inneber at seksjonen har redusert kapasitet under streiken, og enkelte kurs og samlingar kan bli avlyste. På seksjon kulturarv er seks tilsette tatt ut i streik.

Ny informasjon

Vi vil oppdatere med ny informasjon om eventuell streik og korleis den eventuelt vil råke, etter kvart som det kjem nye opplysingar.