Stipend og heider til idrettsutøvarar

– Vi er takknemlege for treninga og innsatsen de legg ned og idrettsgleda de gjev oss kvar bidige dag, seier fylkesordførar Jon Askeland. På fylkestinget i går delte han ut utviklingsstipend til sju unge utøvarar frå fylket og heidra ni utøvarar for framifrå innsats.

GULL OG VERDSREKORD: Salum Ageze Kashafali, IL Norna-Salhus, fekk heider for gull og ny verdsrekord, og takka på vegne av alle idrettsutøvarane. Foto: Rune Åland/Vestland fylkeskommune
GULL OG VERDSREKORD: Salum Ageze Kashafali, IL Norna-Salhus, fekk heider for gull og ny verdsrekord, og takka på vegne av alle idrettsutøvarane. Foto: Rune Åland/Vestland fylkeskommune

Utdelinga på fylkestinget var digital. Sju utøvarar fekk kvar sitt utviklingsstipend på 40 000 kroner. 

– Dette er andre gongen Vestland fylkeskommune tildeler utviklingsstipend til unge idrettsutøvarar frå klubbar i Vestland. Historisk har Hordaland fylkeskommune tildelt dette stipendet heilt sidan 1996. I år fekk vi 62 søknader frå 23 kvinner og 39 menn. Dei representerer 27 ulike idrettar. Stipendet skal støtte den einskilde i utøving av idretten og den vidare utviklinga. Tildelinga er gjort i samråd med Olympiatoppen Vest, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Utviklingsstipend

Desse sju fekk fylkeskommunalt utviklingsstipend 

Einar Bjørvik, 18 år roing, Fana roklubb 

Julie Dicko Erichsen, 20 år turn apparat, Laksevåg turn og idrettslag og Fana-Laksevåg turnforening 

Markus Mogstad Barth, 21 år badminton, Bergen badmintonklubb 

Bård Bjørnevik Skogen, 20 år golf, Haugaland golfklubb 

Julia Jordanger Loen, 19 år vektløfting, Breimsbygda IL 

Sindre Sætren Myklebust, 19 år alpint, Sogndal IL

Sunniva Helland-Hansen, 24 år sandvolleyball, Rossvoll volleyball klubb 

Særlege idrettsprestasjonar

Etter utdeling av utviklingsstipenda, delte fylkesordføraren ut ni utmerkingar for særlege idrettsprestasjonar til utøvarar frå Vestland i år. 

– Det er idrettsprestasjonen som kvalifiserer utøvarane til ei slik utmerking. Kravet er medaljeplassering i senior verdsmeisterskap eller olympiske leikar, samt verdsrekordar eller verdscup samanlagt, sa fylkesordførar Jon Askeland. 

Desse ni vart heidra

Mariell Gaassand Straume, kickboksing (24 år) Fana IL kickboksing 

Bronsemedalje kickboksing (-60 kg), VM Jesolo, Italia 2021 

Thea Vatshelle, kickboksing (23 år) Kronstad kampsportklubb 

Bronsemedalje kickboksing (-70 kg), VM Jesolo, Italia 2021 

Signe Elisabeth Belden, styrkeløft (38 år) Stryn turn og idrettslag 

Gull benkpress (-63 kg), VM Halmstad, Sverige 2021 

Tarjei Bø, skiskyting (33 år) Markane IL 

Gullmedalje stafett, VM Pokljuka, Slovenia 2021 

Johannes Thingnes Bø, skiskyting (28 år) Markane IL 

Gullmedalje verdscupen samanlagt 

Gullmedalje miksstafett 

Gullmedalje stafett 

Sølvmedalje singel miksstafett 

Bronsemedalje jaktstart 

VM Pokljuka, Slovenia 2021 

Anders Mol, strandvolleyball (24 år) Beachvolley Vikings 

Gullmedalje strandvolleyball, OL Tokyo, Japan 2021 

Vann verdsseriefinalen, Sardinia, Italia 2021 

Gustav Iden, triatlon (25 år) Åsane cykleklubb 

Gull Ironman 70.3, VM St. George, USA 2021 

Kristian Blummenfelt, triatlon (27 år) TIF Viking 

Gullmedalje triatlon, OL Tokyo, Japan 2021 

Gullmedalje triatlon, VM Edmonton, Canada 2021 

Verdsrekord Ironman (7t 21min og 12 sek), Cozumel, Mexico 2021 

Salum Ageze Kashafali, friidrett – sprint (28 år) IL Norna-Salhus 

Gullmedalje og ny verdsrekord (10,43) 100 meter klasse T12, Para-OL Tokyo, Japan 2021 

Alle har fått overrekt eit nytt kunstverk av året laga av kunstnar Els Geelen, som er frå Nederland, men busett i Norheimsund. Dei fleste av motiva er inspirert av den flotte vestlandsnaturen, samt ulike idrettar. 

Var flyktning frå Kongo 

På vegne av alle idrettsutøvarane takka Salum Ageze Kashafali for heideren. 

– Eg kom frå Kongo som flyktning til Noreg. Idrett har mykje å seie for meg. Der kan alle samlast uavhengig av språk og kultur. Eg har redusert syn. At eg har vunne gullmedalje og sett verdsrekord er noko av det største, gøyaste og mest absurde eg har gjort. For to år sidan fekk eg utviklingsstipend av fylkeskommunen. Då hadde eg ingen form for støtte. Det var ganske viktig for meg å få det stipendet. Eg føler meg sett og tatt vare på av fylkeskommunen. På vegne av all ungdom som får slike stipend, vil eg seie stor takk, seier Salum Ageze Kashafali. 

Eit forbilde

Fylkesordførar Jon Askeland kvitterte med ros tilbake. 

– Salum er ein stor idrettsperson med prisverdige haldningar. Vi tok alle heilt av over din prestasjon. Du er eit forbilde for andre, og eg er viss på at du inspirerer mange både med dine haldningar og prestasjonar både utanfor og på idrettsbanen, sa Askeland under den digitale seremonien under fylkestinget i går.