Skal bygge ny praktskule i Førde
– Dette er ein stor dag for elevar og tilsette. Vi skal bygge ein praktskule i Førde som samlar studiespesialisering og yrkesfag, seier fylkesordførar Jon Askeland etter eit samrøystes vedtak i fylkestinget.
Dei to noverande vidaregåande skulane i Førde, Mo og Øyrane vgs. og Hafstad vgs., skal slåast saman til nye Førde vgs. Mo og Øyrane vgs. skal byggast om og utvidast til å romme både studiespesialiserande og yrkesfagleg studieretning. Elevar på noverande Hafstad vidaregåande skule skal flytte over når anlegget er ferdig. Skulen skal få ein stor idrettshall i tillegg til at det skal etablerast ein tannklinikk med 11 behandlingsrom i tilknyting til skulen.
Auka kvalitet på opplæring
Fylkestinget har godkjent forprosjektet og byggjestart for det nye og samla opplærings- og kompetansesenteret i Førde med ei total kostnadsramme på 816,3 millionar kroner. Fylkesrådmannen har fått fullmakt til å gjennomføre administrativ samanslåing av Mo og Øyrane vgs. og Hafstad vgs. før skulane blir samlokaliserte.
– Den nye skulen blir sentralt plassert i eksisterande skuleklynge i Førde sentrum. Når vi no samlar studiespesialisering og yrkesfag, vil dette gje positive effektar for læringsmiljøet. Funksjonar som auditorium og idrettshall vil gjere Førde vgs attraktivt for bruk også ut over vanleg skuletid. I tillegg blir området lagt til rette for gåande og syklande, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Han legg til at den nye skulen vil gje tilsette ved dei to skulane eit større kollegafellesskap. For elevane vil det òg vere ein styrke at støttefunksjonar og elevtenester blir samla. Ikkje minst vil nye Førde vgs. vere positiv for heile ungdomsmiljøet i Førde.
Opning i 2023
Vestland fylkeskommune har innstilt Consto som totalentreprenør og vinnar av konkurransen om å byggje den nye skulen. Byggeprosjektet har fått namnet «Delta». Byggjestart er planlagt til sommaren med ferdigstilling av skulen i 2023.