Samarbeid mot arbeidslivskriminalitet
– Dette er eit tiltak som skal sikre at vi inngår kontraktar med entreprenørar som følgjer norsk lov, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal etter at fylkeskommunen har signert samarbeidsavtale med Skatteetaten om felles innsats mot arbeidslivskriminalitet.
Avtalen vart inngått 15. april og signert av fylkesrådmann Rune Haugsdal og avdelingsdirektør for skattekriminalitet, Erik Nilsen, i Skatteetaten.
Skal velje seriøse leverandørar
– Målet med samarbeidet er å førebygge og bekjempe arbeidslivskriminalitet. Vi skal ha eit løpande samarbeid med Skatteetaten som skal gje oss eit endå betre grunnlag for å velje seriøse leverandørar og underleverandørar. Vi får vite om aktuelle leverandørar betalar skattar og avgifter og følgjer norsk lov i arbeidslivet, seier Haugsdal.
Vestland er den andre fylkeskommunen i landet Skatteetaten inngår slik samarbeidsavtale med. Viken var den første. I tillegg har Skatteetaten avtalar med fleire store aktørar som Stavanger kommune, BaneNOR, Statsbygg, Skanska, Veidekke, Forsvarsbygg og Oslo kommune.
Stort ansvar
– Som offentleg innkjøpar har fylkeskommunen eit stort ansvar og høve til å ta val som påverkar leverandørane i positiv retning. Useriøse aktørar og dårlege arbeidsforhold er ein trussel mot fridom, tryggleik og trivsel. I tillegg gir det dårlegare kvalitet på innkjøp av varer og tenester, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.
I hovudsak har norsk arbeidsliv ryddige og gode arbeidsforhold, men enkelte verksemder og bransjar er useriøse og driv med sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Konsekvensane er alvorlege for arbeidstakarar, bransjar og verksemder som blir råka.
Samfunnsansvar
– Offentlege kjøp av varer og tenester utgjer over 500 milliardar kroner kvart år. Fylkeskommunen har stor innverknad og eit betydeleg samfunnsansvar for at desse pengane ikkje skal hamne hos useriøse aktørar. Vi er derfor svært glade for at Vestland fylkeskommune har takka ja til samarbeid for å avgrense omfanget av arbeidslivskriminalitet, seier avdelingsdirektør for skattekriminalitet, Erik Nilsen, i Skatteetaten.
Konkurransevridande
Arbeidslivskriminalitet er brot på norske lover om lønns- og arbeidsforhold, trygder, skatter og avgifter og blir gjerne utført organisert. Dette utnyttast og verkar konkurransevridande og undergrev samfunnsstrukturen.
Gjennom samarbeidsavtalen blir opplysingar utveksla mellom partane. Samarbeidsavtalen omfattar all verksemd i Vestland fylkeskommune, men spesielt alle leverandørar og underleverandørar i bygg- og anleggsbransjen og reinhaldsbransjen, samt andre risikobransjar etter nærmare avtale.