Potensiale for 22 000 nye grøne jobbar i Vestland
Det viser hovudrapporten for prosjektet Grøn region Vestland. For å realisere dette er investeringsbehovet 134 milliardar.
Vestlandsporteføljen 2021 viser eit enormt potensiale, men at vi må handle raskt.
– Vestlandsporteføljen er alle sin eigedom, og me vil at alle skal kunne finne sin plass i den store heilskapen. Me presenterer at grøn vekst er mogleg i heile fylket, men at det berre er gjennom samarbeid og gjensidig deling av kunnskap, ressursar og erfaringar me kan lukkast, sa fylkesordførar Jon Askeland i sitt opningsinnlegg då rapporten vart presentert på Høgskulen på Vestlandet i dag.
Vestland er det første fylke i Noreg som har gjennomført ei slik brei kartlegging av potensiale for grøn verdiskaping.
Nærlingslivet er nøkkelen
- Dei aller viktigaste informantane har vore dei som jobbar i og rundt næringslivet i fylket. Dei veit kor skoen trykker og kva «det grøne skiftet» betyr i praksis for AS Vestland, og dei er nøkkelen til å nå målet om eit næringsliv med netto nullutslepp allereie om dryge åtte år.
Fylkesordføreren understreka at fylkeskommunen tek ansvar ved å vera ein aktiv utviklingsaktør og samlande Vestlandsstemme i det som ligg framfor oss.
16 grøne hubar
Rapporten , som er utarbeidd av EY, viser at det er størst potensiale for grøn omstilling gjennom å utvikle heilskaplege prosjekt og utnytte samspel i industrielle hubar. Samarbeid er eit viktig stikkord. I prosjektet har det i kvar region vorte gjennomført innspelsmøter, intervju og besøk hos bedrifter og andre næringsaktørar. Over 400 ulike aktørar har på ein eller annan måte vore involverte i prosessen. Til saman har over 250 enkeltståande grøne prosjekt vorte identifiserte og kartlagde. Dette har danna grunnlaget for 16 grøne hubar rundt om i fylket, som vert spesielt viktige for å sikre momentum i nye grøne verdikjeder i Vestland.
Framtidsretta i Hjeltefjordbassenget
Ein av dei 16 grøne hubane er Hjeltefjordbassenget i Øygarden. Her er det allereie fleire framtidsretta prosjekt som vert trekt fram som særs viktige for Vestland si utvikling og framtid. Døme på desse er karbonfangstanlegget og hydrogenproduksjon i Energiparken, den første utsleppsfrie hamna i Europa på Ågotnes og nullutsleppshamn for passasjertrafikk i Kildn prosjektet.
Samla viser Vestlandsporteføljen at fylket har potensialet for 22 000 nye grøne arbeidsplassar og at det trengst 134 milliardar i investeringskostnadar for å bli realisert.
Kampar vi må vinne
For å lukkast med det grøne skiftet skisserer rapporten fleire kampar som må vinnast. For det første må næringslivet lukkast med samarbeidet i dei grøne hubane og gjennom dette ta posisjon i den internasjonale marknaden. For det andre må Vestland verte den leiande, globale havregionen for maritim og marine næringar. I fylket må det også byggast innovativ grøn infrastruktur. Dette inneber mellom anna å auke produksjonen av fornybar energi og styrke straumnettet.
Samarbeidsprosjekt
Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge, i tillegg til kommunar, regionråd og lokale aktørar. Målet er å identifisere konkurransefortrinn, verdikjeder og satsingsområde med stort potensial for verdiskaping og grøn konkurransekraft. Prosjektet bygger vidare på rapporten Vestlandsscenario 2020.
Fire regionale rapportar
I arbeidet med Grøn region Vestland har ein delt fylket inn i fire regionar. Desse er:
- Indre Vestland (Hardanger, Sogn og Voss)
- Fjordane (Nordfjord, Sunnfjord og HAFS (kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Sollund))
- Bergensregionen inkl. Nordhordland
- Sunnhordland
Vestlandsporteføljen er hovudrapporten frå prosjektet Grøn region Vestland og omhandlar Vestland fylke sett under eitt. I tillegg er det utarbeidd eigne rapportar for kvar region. Desse vil verte presenterte på eigne arrangement dei komande vekene:
- Grøn bergensregion – 29. november kl. 17-19. Sted: Media City Bergen (Meir info kjem).
- Grøn region Sunnhordland – 1. desember kl. 13-15 på Stord (meir info kjem).
- Grøn region Fjordane – 3. desember kl. 13-15. Stad: Comfort Hotel Florø (meir info kjem).
- Grøn region Indre Vestland – 8. desember kl. 17-19 på Voss Kulturhus. (Meir informasjon kjem)