Nytt knutepunkt for busstrafikken i Bergen sentrum
– Vår viktigaste kollektivgate i Bergen sentrum er blitt løfta. Dette er eit miljøløft, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis etter opninga av Olav Kyrres gate, det nye knutepunktet for kollektivtrafikken i Bergen sentrum.

Bussjåfør Anne Marie Buchowska frå Tide Buss skar over snora som markerte opninga av gata. Natalia Golis, byråd Thor Haakon Bakke og avdelingsdirektør Tone Oppedal i Statens vegvesen deltok i opninga av eitt av dei viktigaste knutepunkta for kollektivtransport i Bergen.

Fantastisk døme
– Den opprusta gata er eit fantastisk døme på saumlause overgangar i kollektivtransporten. Dessutan har gata no fått eit totalinntrykk som både er visuelt vakkert og sikrar tryggleik og gode opplevingar for dei som ferdast her. Vi skal få det beste kollektivtilbodet i verda, og det blir elektrisk. Vi får rein luft og grøne byrom vi kan puste i. Det skal bli enklare å vere syklande og gåande i Bergen. Vi sikrar menneske og miljø. 100 000 brustein er gjenbrukt, og vi har fått 4000 kvadratmeter lokal skifer. Men det har vore ei lang reise, særleg for næringsliv og reisande. Eg vil takke for tolmodet dei har vist. Prosjektet har vore krevjande med forseinkingar og kostnadsoverskridingar, men vi tar lærdom, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Betre plass – tryggare ferdsel
450 meter av Olav Kyrres gate, mellom Småstrandgaten og Vaskerleven, er opprusta. Busspassasjerar og gåande har fått betre plass og tryggare ferdsel. Ruteinformasjonen er blitt betre med skjermar som viser bussavganger i sanntid. Det er blitt meir attraktivt å bytte mellom buss og bane. Gata er blitt opnare og meir triveleg. Det er blitt meir areal til fortau og dei reisande. Haldeplassane har fått universell utforming, og denne delen av sentrum er blitt tilgjengeleg for alle.

Har tatt bussen heile livet
Thor Haakon Bakke, byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, har tatt bussen frå Olav Kyrres gate heile livet, og er veldig stolt av det ferdige samarbeidsprosjektet.
– Olav Kyrres er ei gate bergensarane kjenner godt, og mange har minner frå. Gata står no endeleg fram i all sin prakt, til beste for gåande og kollektivreisande, seier Bakke.

Mykje nytt for bussreisande
Opninga 7. mai vart feira utan annan trafikk enn mjuke trafikantar. Først tysdag 25. mai skal bussane ta gata i bruk.
– Vi gjer ei stor endring i busstilbodet. Om lag 50 busslinjer får nye linjenumre, nye trasear og/eller nye haldeplasser. Sidan vi endrar så mykje av busstilbodet, har vi også trengt mykje tid til førebuingar og informasjon. Alt i januar sette vi denne endlege dagen. Gata blir derfor luftig og utan bussar litt lenger enn tenkt. Men det blir kjekt å få bussane tilbake i den nyoppussa gata. No ser vi fram til å sette i verk den store ruteendringen 25. mai, seier direktør Målfrid Vik Sønstabø i Skyss.

Samarbeid
Opprustinga av Olav Kyrres gate er finansiert gjennom Miljøløftet som er eit samarbeid mellom staten, Vestland fylkeskommune, Statens vegvesen, Jernbaneverket og kommunane.
– Vårt felles mål gjennom Miljøløftet med blant anna Bergen kommune og Vestland fylkeskommune om nullvekst i personbiltrafikken, er grunnen til at vi i Statens vegvesen i perioden 2019 til 2029 legg opp til å bruke 13 milliardar kroner i bergensområdet. Olav Kyrres gate er dermed eit døme på eit slikt løft i utviklinga av transportsystemet basert på nullvekst i personbiltrafikken, seier avdelingsdirektør Tone Oppedal i Statens vegvesen.
Informasjon om alle endringar i kollektivtrafikken frå 25. mai kan du lese hos Skyss



