Ny vidaregåande skule i Kvam

– Til lukke, Kvam! Dette skal bli det nye praktbygget i Norheimsund, seier fylkesordførar Jon Askeland, som helsar velkomen til samarbeid mellom Kvam herad og fylkeskommunen i å byggja den vidaregåande skulen og storstova i Norheimsund. Fylkestinget vedtok i går samrøystes funksjonsprogram og romliste for skulen innafor ei økonomisk totalramme på 328,6 millionar kroner.

PRAKTBYGG: Den noverande vidaregåande skulen i Norheimsund skal bli erstatta av ein heilt ny skule. (foto: Magne Sandnes/Vestland fylkeskommune)
PRAKTBYGG: Den noverande vidaregåande skulen i Norheimsund skal bli erstatta av ein heilt ny skule. (foto: Magne Sandnes/Vestland fylkeskommune)

Skulen er planlagt for 310 elevar og 60 tilsette og skal få eit samla areal på 5900 kvadratmeter. Planen er at den skal vere ferdig til skulestart i 2026.

Sambruk med Kvam

Kvam herad skal sambruke skulen. Fylkeskommunen skal inngå avtale om sameige med heradet. Omfang av samlokalisering og sambruk er avhengig av romprogrammet til kommunen som blir behandla i heradsstyret i oktober.

– Vi har mål om å samlokalisere den nye vidaregåande skulen i eit nytt, moderne og ikkje minst arealeffektivt skulesenter for å kunne utvikle gode kvalitetar i læringsmiljøa og utdanningsprogramma vidare. Skulen skal  vere eit konkurransedyktig og føretrekt val for elevane i regionen, seier fylkesordføraren. 

Sterkt og attraktivt regionsenter

Fylkeskommunen og heradet jobbar tett saman om avklaring av tomt og omkringliggjande gatestruktur, parkering og uteareal.

– Ei samlokalisering sentralt i sentrum av Norheimsund vil byggje opp under utviklinga av eit sterkt og attraktivt regionsenter. Vi legg vekt på at både innhaldet og utforminga av bygg, uteområde og infrastruktur skal verke positivt for den vidare utviklinga av regionsenteret og bidra til sosial berekraft i regionen, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

I juni 2019 vedtok fylkesutvalet samlokalisering av skulane sentralt i Norheimsund.  Samlokalisering, sambruk og ein arealeffektiv ny skule vil bidra til lågare driftsutgifter. I dag har dei to skulebygningane i Norheimsund og Øystese eit samla areal på om lag 12.900 kvadratmeter. Den planlagde utbygginga vil såleis meir enn halvere arealet. Inntekt frå sal av dei eksisterande skulene vil og bidra positivt til totalrekneskapen.

Kombinasjonsbibliotek og deling av idrettshall

Den 5900 kvadratmeter store skulen blir fordelt med omlag 1100 kvadratmeter på Kvam herad og 4060 kvadrameter til den vidaregåande skulen. I tillegg skal skulen leige om lag 1200 kvadratmeter idrettsareal av heradet.

I skulen skal Kvam herad få kombinasjonsbibliotek og fellesareal som vrimleareal, kafé/kantine og tekniske rom, administrasjon til kulturskule, vaksenopplæring og mogeleg også kino/auditorium. 15 tilsette i Kvam herad skal jobbe der. Kulturskulen har opp mot 80 elevar. Årleg besøkstal for biblioteket var om lag 40 000 før pandemien.

Den vidaregåande skulen skal dele idrettshall med Norheimsund skule. Det er laga eit sameint framlegg til fordeling av tid. For å få nok timar til kroppsøving, skal den nye skulen få eit treningsrom med tilhøyrande garderobar. Vidare skal skulen nytte nærområdet til utegym og friluftsliv, særleg i den varme årstida.

Planlagt ferdig i 2026

Verkstadareal for EL og TIF skal bli bygd først, og er planlagt ferdig i 2024. Teoriareal for EL og TIF vil  bli bygt i andre steg saman med areal for studiespesialisering (ST), helse og oppvekstfag (HO) og arbeids- og kvardagslivtrening (AKT). Heile skulen er planlagt ferdig til skulestart 2026. Byggestart skal fylkestinget kome attende til i økonomiplanen.