Nær 4,5 millionar til attraktive stadar
Askøy kommune var ein av 16 kommunar i Vestland som fekk tilskot til stadutvikling i år. I Kleppestø sentrum skal kommunen lage ein inkluderande møteplass.
Alle prosjekta som har fått pengar til by- og stadutvikling i år, fremjar berekraftig utvikling og set menneska og staden i sentrum.
Innbyggjarar i sentrum
– Vi ønskjer å løfte søknadar som støtter vilkåra på tvers av tilskotsordningane som gjeld temaa plan, klima og folkehelse. Difor har vi vurdert søknadane med eit tverrfagleg blikk, som skal kome innbyggjarane i kommunane til gode, seier Stalheim.
Nedst i saka finn du ei oversikt over alle som har fått støtte i år. Neste utlysing blir våren 2022. Det blir då høve for kommunane å søkje om meir pengar til å lage attraktive stadar for og saman med innbyggjarane sine.
Vil generere større engasjement
Dei 370 000 kronene Askøy kommune får, skal gå til å utvikle møteplassar saman med innbyggjarane i Kleppestø sentrum. Dei håpar tiltaka kan bli ein inngang til å generere større engasjement for sentrum, skape tilhøyrsle og bygge identitet.
– Medverknad er essensielt i slike prosessar. Kva er det som gjer at menneske stoppar opp? Kva er det folket som bur ein plass treng og vil ha? Vi gler oss til å sjå kva retning prosjektet tek når kommunen inviterer innbyggjarane inn i kreative medverknadsprosessar, seier Synnøve Stalheim, seksjonssjef for plan, klima og folkehelse.
Vestland fylkeskommune har fordelt til saman 4,475 millionar kroner i 2021. Enkelte prosjekt fekk også økonomisk støtte på tvers av fleire støtteordningar frå seksjon for plan, klima og folkehelse.
Desse kommunane fekk tilskot i 2021
Kommune |
Tilskot |
Prosjekt |
Austevoll kommune | 400 000 |
«Skulen i den trivelige tettstaden» |
Sveio kommune | 200 000 |
«Førde attende på tettstadkartet» |
Aurland kommune | 425 000 |
«Eit samfunn der det er godt å bu og leve for alle – heile livet» |
Hyllestad kommune | 200 000 |
«Eit levande sentrum i Hyllestad» |
Samnanger kommune | 400 000 |
«Med hjarta for Samnanger» |
Høyanger kommune | 125 000 |
«Kunnskapsgrunnlag» |
Askøy kommune | 370 000 |
«Fra parkering til park i Kleppestø» |
Bømlo kommune | 200 000 |
«Jonsok heile året – utan bål!» |
Sogndal kommune | 245 000 |
«Bygdelab» Kommunen skal etablere bygdelabbar i tettstadene Kaupanger, Leikanger, Balestrand og Sogndal. Innbyggjarar skal inkluderast i moglegheitsstudium for sentrumsområda i kommunen og i andre plan- og utviklingsprosessar som er under oppsegling. |
Alver kommune | 300 000 |
«Gåstrategi for Alver» |
Kinn kommune | 400 000 |
«Saman om Aktivitetsgate 1» |
Stad kommune | 400 000 |
«Grøne møteplassar – Saman om eit levande sentrum» |
Bjørnafjorden kommune | 200 000 |
«Gatebruksplan for Osøyro regionsenter» |
Osterøy kommune | 310 000 |
«Lonevåg for alle» |
Ulvik kommune | 200 000 |
«Sprek og frisk i Ulvik sentrum» |
Bergen kommune | 100 000 |
«Medverknadsprosessar i planarbeid, med utgangspunkt i borgarinitiativ og kreative prosessar/metodar» |