BIO-midlar: Lyser ut midlar til bedriftsintern opplæring
Koronaråka bedrifter i Vestland kan no søke om midlar til intern opplæring innan 22. mai. Då Leirvik AS fekk støtte i fjor, gav det moglegheit til å gi dei tilsette opplæring i robotsveising.
Vestland har til saman fått 35,5 millionar til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar), etter at Stortinget auka ramma til fylka med 300 millionar.
- Vi lyser i første omgang ut 20 millionar kroner. Målet med BIO-midlane er at bedrifter med omstillingsbehov skal kunne prioritere opplæring, sjølv om koronasituasjonen gjer at dei opplever svært krevjande tider, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling .
Fagbrev på jobb
Dette er den fjerde gongen fylket lyser ut BIO-midlar sidan landet blei råka av pandemien.
- Nytt i denne utlysingsrunden er at bedrifter som er ramma av koronakrisa kan søkje om finansiering av fagbrev på jobb for eigne tilsette. Tilsette som er permitterte vil her bli prioritert, seier Sandal.
Lærer robotar å sveise
Ei av bedriftene som søkte i fjor er Leirvik AS på Stord. Dei fekk midlar til å lære opp tilsette i robotsveising, noko som gjorde det mogleg å halde viktig utviklingsarbeid i gang.
- Då pandemien kom stoppa alt utviklingsarbeidet vårt opp. BIO-midlane bidrog til at vi kunne starte opp igjen tidlegare enn forventa når alt var så usikkert grunna Covid-19 situasjonen. Allereie etter tre månadar var vi i gang igjen. Dette var svært viktig for den konkurransesituasjonen vi står i, seier Morten Bjelland som er leiar for teknologi og digitalisering.
Lerivik AS driv med prosjektering, innkjøp og bygging av store boligkvarter som blir nytta offshore, i tillegg til har dei som strategi å utvikle nye prosjekt innan brubygging, akvakultur og vindmøller til havs. BIO-midlane brukte dei til prosjektet ARoW som handlar om å få til rask og effektiv sveising av store aluminiumskonstruksjonar ved bruk av sveiserobotar.
Verdsleiande kompetanse
- Sveisarane våre har verdsleiande kompetanse innen sveising av aluminium. Opplæringsprosjektet handla like mykje om å overføre deira kunnskap til å bli digital kompetanse, som å omskulere operatørar til å kunne programmere og bruke robotar. Målet er at robotane kan bidra til auka effektivitet og konkurransekraft, seier Bjelland.
Han understreker viktigheita av eit godt virkemiddelapparat og at næringslivet har tilgang til å søke på ordningar som BIO-midlane når kriser oppstår.