9,3 millionar til koronaråka kultur og idrett
Arrangørar av kultur- og idrettsaktivitet som har blitt råka av koronapandemien, kan no søkje Vestland fylkeskommune om støtte.
Pandemien har stukke kjeppar i hjula for mykje aktivitet det siste 1,5 året, og hovudutval for kultur, idrett og integrering vedtok 8. september vedtok å lyse ut 9,3 nye millionar. Søknadsfristen er 10. oktober.
Fylkeskommunen har også løyvd «koronamidlar» til både kultur og idrett og til næringslivet.
Stimulere til gjenopptaking
– Vi veit framleis ikkje korleis situasjonen vil bli for kultur- og idrettsaktivitet framover. Men planane til staten er at aktiviteten skal opp mot det normale i løpet av hausten. Vi håpar at midlane vi no lyser ut, skal vere med og hindre fråfall og ikkje minst stimulere til å gjenoppta aktivitet, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.
Fylkeskommunen støttar i hovudsak tiltak og verksemder som har ein regional funksjon eller ei regional rolle – som femner om eit større område i fylket. I utlysing av midlane kan både enkeltorganisasjonar og aktørar og nettverks-/paraplyorganisasjonar søkje. Sistnemnde kan så vidareformidle til medlemer eller deltakarar, der dei ser det er størst behov.
Bøte på konsekvensar
Dei fleste koronarestriksjonane er pålagde av staten. Det er difor i hovudsak statlege styresmakter som har teke på seg å kompensere for tap. Likevel har både Vestland fylkeskommune og fleire av kommunane i fylket sett i verk eigne ordningar for å bøte på konsekvensane av krisa.
– Vi har eit særleg ansvar for å ha eit overordna, regionalt blikk på kultur- og idrettsaktiviteten i fylket. Det er viktig aktivitet for trivsel, bulyst og folkehelse. Difor gjer vi det vi kan for å hjelpe aktørane gjennom krisa og for å minimere skadeverknadane, seier Davies.
Meir informasjon om utlysing av midlane finn du i saksframlegget til hovudutvalet.