Liten nedgang i søking til vidaregåande opplæring
Det er i alt 20 233 søkarar med ungdomsrett til dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune. Det er ein nedgang på om lag 200 frå i fjor.
Søknadsfristen til vidaregåande opplæring gjekk ut 1. mars. Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse presenterer her søkartal til skule og bedrift, søkarane sine første ønske.
Auke i søking til yrkesfag
Som i fjor er det også i år ein auke i søking til vg1 yrkesfag. 56 % av søkarane har yrkesfag som første ønske, mot 54 % i fjor.
Auke til naturbruk og nedgang til elektro og datateknologi
I yrkesfaglege utdanningsprogram er det auke i søkinga til utdanningsprogrammet naturbruk med 60 søkarar. Det er også noko auke i søkinga til alle dei andre yrkesfaglege utdanningsprogramma, med unntak av elektro og datateknologi og restaurant- og matfag. Til elektrofag er det ein nedgang på 35 søkarar, og det er seks færre søkarar til restaurant- og matfag.
Nedgang på musikk, dans og drama og medium og kommunikasjon
Det er stor nedgang i søkinga til vg1 musikk, dans og drama, med om lag 110 færre søkarar enn i fjor. Også til medium og kommunikasjon er det stor nedgang i søkinga, med om lag 80 færre enn i fjor. Til studiespesialisering er søkartalet om lag som i fjor.
Søking til opplæring i bedrift
I alt har 2183 søkarar med ungdomsrett søkt til opplæring i bedrift. Det er 111 fleire søkarar enn det var i fjor.
Vidare arbeid
Fylkesdirektøren vil no starte arbeidet med å tilpasse tilbodsstrukturen etter elevsøkinga. Dette vil resultere i ei politisk sak om justering av opplæringstilbodet, som skal slutthandsamast av hovudutval for opplæring og kompetanse 27. april.
Vidare tidsplan for inntaket til vidaregåande skule for skuleåret 2021-22:
8. juli |
Første inntak |
16. juli |
Svarfrist første inntak |
22. juli |
Andre inntak |
30.juli |
Svarfrist andre inntak |
5. august |
Tredje inntak |
16. august |
Første skuledag |