Jakta på framtidas hurtigbåt er i gang
Seks leverandørar vil levere framtidas hurtigbåt til Vestland og tre andre fylkeskommunar.
5. november signerte fylkesdirektør for samferdsel i Trøndelag, Erlend Solem, utviklingskontraktar med seks leverandørar i prosjektet Framtidas hurtigbåt ll.
Kontraktane vart signerte på vegner av fylkeskommunane Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark. Dermed er startskotet gått for fellesprosjektet mellom fylka, som har som mål å utvikle nye, utsleppsfrie hurtigbåtar. Det er planlagt to løp – eitt som skal sikre utvikling av hydrogenfartøy, og eitt for effektivt design som skal gje energieffektivisering ved blant anna skrogoptimalisering.
Alle seks takka ja
Konkurransen om energieffektivt design vart kunngjort 1. oktober, og i dei påfølgande vekene har eit stort team vurdert både kvalifikasjonskrav og idéskisser.
Åtte leverandørar leverte tilbod, og av desse vart seks leverandørar inviterte til å delta i prosjektet og ta imot eit tilskot på 1,5 millionar kroner til vidareutvikling av designkonseptet sitt.
Deltakarane
Dei neste fem månadene skal Eker Design, ESNA, LMG Marin, SES-X, Transportutvikling og Umoe Mandal jobbe vidare med sine konsept.
I starten av april 2022 vil inntil fire leverandørar bli inviterte til neste fase i prosjektet, med vidareutvikling og modelltesting av designet. Den avsluttande fasen av konkurransen startar ved årsskiftet 2022/2023, der inntil tre leverandørar får i oppgåve å ferdigstille fartøydokumentasjon, inkludert kostnadsramme for bygging og drift av fartøyet. Totalt kan leverandørane som får vere med heile vegen, få inntil 16,5 millionar kroner kvar i utviklingspengar.
Minst 30 prosent lågare energibruk
Om halvanna år, i mai 2023, vert designdelen av hurtigbåtprosjektet avslutta. Målet er at ein då har utvikla nullutsleppshurtigbåtar med minimum 30 prosent lågare energiforbruk samanlikna med dagens fartøy. Ambisjonen er å bruke dei innovative design- og teknologiløysingane som ein mal i framtidige hurtigbåtanskaffingar.
Glade for responsen
Oppdragsgjevarane er godt nøgde med oppstarten av konkurransen og ser fram til å følge leverandørane vidare i jakta på framtidas hurtigbåt.
– Det er mykje politisk fokus i Vestland på sjøen som transportåre og at transporten må skje med akseptable utslepp. Dette utviklingsprosjektet er viktig for at både Vestland og andre fylke skal få på plass energieffektive nullutsleppsfartøy. Prosjektet har sett høge krav til framdrift og resultat, og vi er glade for den gode responsen frå marknaden, seier Håkon Rasmussen, avdelingsdirektør mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune.
Prosjektet er støtta av Klimasats, ei støtteordning under Miljødirektoratet for reduksjon av klimagassutslepp.