I spissen nasjonalt for klimavennlege snøggbåtar
– Dette er ein milepæl for oss. Vi går i spissen nasjonalt for å ta i bruk nullutsleppsteknologi på hurtiggåande fartøy, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet har vedteke å sende snøggbåtsambanda i Sogn og Fjordane ut på anbod.
Anboda omfattar eit hovudtilbod med bruk av nullutsleppsteknologi og ein opsjon om konvensjonell drift i ein kortare kontraktsperiode. Fylkesutvalet har ikkje teke stilling til kva teknologi dei nye snøggbåtane skal ha i hovudtilbodet, men er ope for alle løysingar, både elektrisk, hydrogen og hybriddrift. Drivstoff som ikkje blir dekka av nullutsleppsteknologi, skal vere berekraftsertifisert og palmeoljefritt biodrivstoff.
I anboda har fylkesutvalet vedteke krav til reduksjon i utslepp og innfører bonusordning om tilbydar overgår desse krava. Utvalet stiller krav om statleg medfinansiering. I ein mellombels periode frå 2022 til 2024 blir det opna for konvensjonell drift inntil miljøvennlege løysingar er på plass.
Først ute med strenge miljøkrav
– Dette er ei storsatsing av fylkeskommunen. Vi er først ute med å stille strenge miljøkrav til snøggbåtsambanda. Her etterspør vi teknologi vår eigen maritime bransje er dyktig på. Vi stimulerer grøn innovasjon og utvikling av nullutsleppsteknologi for heile den maritime sektoren i Noreg. Med dette kan vi få redusert klimautsleppa kraftig, samstundes som vedtaket understreker behovet for raske båtar. Slik tener me både dei reisande og klimaet, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Det vil bli stor nedgang i utslepp av klimagassar med dei nye båtkontraktane. Reduksjon i utslepp av CO2 som følgje av nullutsleppsteknologi er estimert til minst 46 prosent i høve utsleppa i 2019. Dette utgjer om lag 11 000 tonn CO2 i året. Biodrivstoff vil bidra til ytterlegare CO2-kutt.
Auka kostnader
Dei nye båtkontraktane vil medføre auka kostnader for Vestland fylkeskommune. Driftsutgiftene er kalkulert til mellom 165 og 205 millionar kroner årleg. Det utgjer ein auke på mellom 78 og 118 millionar kroner i året. I tillegg blir det estimert kostnader knytt til infrastruktur på mellom 175 og 226 millionar kroner etter støtte frå Enova.
– Det er ein føresetnad med statleg medverknad for å kome i mål med dette. Vi reknar med at regjeringa følgjer opp med finansiering av nullutsleppsteknologi på båt. Den føreslegne auken i CO2-avgift må utløyse tilsvarande finansiering til fylkeskommunen, seier Askeland.
Tryggingsnett
Om staten og verkemiddelapparatet ikkje bidreg med medfinansiering i tilstrekkeleg grad, er det opna for at kontraktens varigheit blir redusert og at båtsambanda i staden blir drifta med fossil marin diesel.
Dette er meint som eit tryggingsnett for fylkeskommunen dersom tilstrekkeleg medfinansiering uteblir. Dette skal sikre drift av båtsambanda for ein tidsperiode fram til fylkeskommunen får avklart vegen vidare. Fylkesutvalet skal ta stilling til dette når dei endelege kostnadene er kjende og statleg medfinansiering er avklart.
Pilotprosjekt
Vidare har Vestland fylkeskommune, i samarbeid med dei tre fylkeskommunane Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark, sett i gong eit pilotprosjekt for snøggbåtar med nullutsleppsteknologi. Utover våren vil politikarane få framlagt ei sak om korleis dette samarbeidet går. Fylkesutvalet mogleggjer at nullutsleppspiloten i dette pågåande samarbeidet kan gjennomførast på strekninga for Kystvegekspressen (Florø-Måløy-Selje).
Nye kontraktar startar i 2024
Vidareføring av kontraktane skal skje i to rutepakkar. Rutepakke 1 omfattar snøggbåtruter mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm der fire fartøy er i drift. Rutepakke 2 omfattar lokale båtruter i Sogn og Fjordane til 42 kaiar i kommunane Bremanger, Kinn, Stad, Vik og Høyanger der seks fartøy er i drift i dag, fire av desse såkalla kombikatamaranar for frakt av personbilar, vogntog og gods, i tillegg til passasjerar.
Dei noverande driftskontraktane i desse anboda går ut 30. april 2022. Ny kontrakt for Rutepakke 2 skal starte opp 1. mai 2024 og kontrakten for Rutepakke 1 i desember 2024. I mellomperioden er det aktuelt med forlenging av noverande eller mellombelse kontraktar.
Kystvegekspressen og Stad skipstunnel
Kystvegekspressen mellom Florø og Måløy er ein del av rutepakke 2. Fylkesutvalet peikar på at reisetida på mellom 80 og 90 minutt er for lang for denne pendelruta og ønskjer ein snøggbåt som går fortare for å korte ned reisetida. Fylkesutvalet ber om at alternative løysingar for dette sambandet skal utgreiast før eigen kontrakt for sambandet skal konkurranseutsettast.
Vidare er det lagt inn i anbodet at rutene kan endrast når Stad skipstunnel skal opne om ca fem år. Det opnar for utviding av rutetilbodet nordover til Ålesund.
Utlysing i februar og mars
Etter vedtaket i fylkesutvalet skal rutepakke 2 lysast ut først, i februar. Rutepakke 1 vil bli lyst ut i mars, med tildeling av kontrakt i oktober.
Etter kontraktsignering, når kostnader og finansiering er kjend og avklart, skal fylkesutvalet ta stilling til bruk av hovudtilbodet med nullutsleppsteknologi eller opsjonen med kortvarig konvensjonell drift.