Fylkestinget vil bygge alle vegar i Askøypakken

Alle delprosjekt i utbetringa av fylkesvegnettet i Askøypakken skal ferdigstillast slo fylkestinget fast i møte 29. september. No sender Vestland fylkeskommune inn utkast til bompengeproposisjon for sikre finansieringa.

PÅ FYLKESTINGET: Avdelingsdirektør for infrastruktur og veg, Dina Lefdal, orienterte fylkestinget om Askøypakken. (foto: Birthe Finstad/Vestland fylkeskommune)
PÅ FYLKESTINGET: Avdelingsdirektør for infrastruktur og veg, Dina Lefdal, orienterte fylkestinget om Askøypakken. (foto: Birthe Finstad/Vestland fylkeskommune)

Askøypakken starta opp med bompengeinnkrevjing i 2014, og omfattar ti prosjekt og tiltak i tillegg til kollektivtrafikktiltak. Finansieringa er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar.

Forlenga bompengeperiode

– Det er viktig at vi fekk handsama denne saka no. Askøy har fått mange nye innbyggarar, og ikkje minst trengst det gang- og sykkelvegar og trygg skuleveg. 
Fylkestinget støttar kommunen sitt ønskje om å forlenga Askøypakken, slik at alle delprosjekta vert bygt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Askøy kommune ønskte å forlenge Askøypakken med fem år og innføre ein femte bomstasjon for å sikre fullfinansiering av prosjekta. Fylkeskommunen er einig i at pakken bør fullførast, og samferdselsdepartementet har gitt opning for å kunne forlenge nedbetalingstida for heile pakken med 5 år, frå 2028-2033.

Fullfinansiert

Med ei slik revidert Askøypakke vil alle delprosjekta blir fullfinansiert. Bompengebidraget blir på 1 276 millionar kroner og fylkeskommunen skal bidra med 386 millionar kroner (alt i 2021-kroner). 

Med dette skal tre prosjekt som er under arbeid, ferdigstillast:
· Fv. 563 Strømsnes – Hop
· Fv. 213 Skiftesvik – Marikoven
· Fv. 562 Lavik – Haugland

I tillegg skal tre prosjekt byggast i prioritert rekkjefølgje:
1. Fv. 212 Slettebrekka – Hetlevik
2. Fv. 562 Fromreide – Kjerrgarden
3. Fv. 562 Fauskanger
Det vert i tillegg avsett midlar til kollektivtiltak.

Stortingsbehandling våren 2022

Fire delprosjekt på Askøy er ferdigstilte, men vart dyrare enn det som opphavleg vart lagt til grunn. Trafikken har og vore lågare enn forventa.

Med auka elbildel har også gjennomsnittstaksten i pakken blitt redusert. Men no ynskjer både kommunen og fylkeskommunen som vegeigar å sikre at alt likevel blir bygd ferdig. Når utkastet til bompengeproposisjon blir sendt før nyttår, vonar ein på handsaming i Stortinget våren 2022. Det er Samferdsledepartementet som legg saka fram for Stortinget, etter kvalitetssikring.

Utbetring av fylkesvegnettet i Askøypakken er godt i gang. No seier fylkestinget at alle prosjekta skal ferdigstillast og søker om forlenging av pakken til 2033. (illustrasjon Vestland fylkeskommune)
Utbetring av fylkesvegnettet i Askøypakken er godt i gang. No seier fylkestinget at alle prosjekta skal ferdigstillast og søker om forlenging av pakken til 2033. (illustrasjon Vestland fylkeskommune)