Fordelte over 1,5 millionar i kunstnarstipend
Ei ekstraløyving på 700 000 kr tidlegare i haust gjorde at hovudutval for kultur, idrett og integrering denne veka kunne dele ut heile 38 kunstnarstipend på 40 000 kr kvar.
– Pandemien har vist kor sårbar kunstnarøkonomien er, og eg er uroa for framtida til det frie kunstfeltet og enkeltkunstnarar. Vestland fylkeskommune skal gjere sitt for å bidra til å sikre framtida, og sørgje for at det skal gå an å leve av kunsten sin i alle delar av fylket. Difor løyvde vi 700 000 kr ekstra til kunstnarstipend i år. Vi ønskjer at fylket skal ha eit berekraftig og levande kunst- og kulturliv, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.
Dei 700 000 ekstra er del av dei ekstraordinære midlane til koronaråka kulturaktivitet, som fylkestinget løyvde i juni.
Det kom inn til saman 151 søknadar om kunstnarstipend i år. Fire komitear har gått gjennom søknadsbunken og har innstilt kandidatar til stipenda til hovudutvalet. Komiteane er sette saman av fagfolk frå ulike kunstorganisjonar og -institusjonar i fylket.
Desse får stipend i dei ulike kategoriane
Visuell kunst/kunsthandverk
- Ana Antonio
- Azar Alsharif
- Aud M. S. Holmen
- Derek Sargent
- Heidi Bjørgan
- Håkon Holm-Olsen
- Laura Gaiger
- Marianne Morild
- Marta Nerhus
- Nayara Goncalves
- Samuel Brzeski
- Silje Solvi
- Stacy Brafield
- Terese Stenhjem
Scenekunst/dans
- Dominika Minkacz-Sira
- Mari Hesjedal
- Mathias Askvik
- Roskva Yasmin Andersen
- Shlomi Ruimi Askildsen
- Wibeke Lüders
Film/litteratur
- Anita Vedå
- Eivind Riise Hauge
- Grethe Fatima Syéd
- Hildegunn Wærness
- Hilde Kvalvaag
- John S. Jamtli
- Katrine Sele
- Kjartan Hatløy
Musikk
- Alexander von Mehren
- Alwynne Pritchard
- Annabel Guaita
- Christine Sandtorv
- Gabriela Lie Garrubo
- Mari Brunvoll
- Monika Engseth
- Ole Andre Farstad
- Peder Niilas Tårnesvik
- Øyvind Hegg Lunde