For mange utan læreplass – verksemder må sikre seg lærlingar no
556 søkarar har ikkje har fått seg læreplass i Vestland fylke. Det skjer samtidig som behovet for arbeidskraft er stort.
Arbeidslivet i Vestland fylke har meldt inn eit behov for om kring 600 fleire lærlingar.
Det er størst utfordringar med å skaffe læreplassar i desse faga: helsearbeidarfag, barne- og ungdomsarbeidarfag, industriteknologifag, elektrofag og byggteknikk.
Avhengig av fleire fagarbeidarar
– Eg håpar at lærebedriftene no er om seg og sikrar seg lærlingane dei treng. Vi er avhengige av fleire fagarbeidarar framover, og den beste fagutdanninga skjer i dei gode lærebedriftene våre. Ved å ta inn lærlingar får bedriftene også høve til å sikre seg gode medarbeidarar i framtida, seier Karianne Torvanger, som er hovudutvalsleiar for opplæring og kompetanse.
Det er ei gledeleg auka interesse blant ungdom for å velje praktiske yrke. Søking til yrkesfaglege utdanningsprogram har dei siste åra auka. I år vel 56 prosent av søkarane ei yrkesfagleg opplæring, mot 54 prosent i fjor.
Kvifor får ikkje alle læreplass?
– Det er fleire årsaker til at mange ikkje har sikra seg ein læreplass. Søkar har eit ansvar sjølv å skaffe seg læreplass, men akkurat no tenker eg at lærebedriftene òg må sjå nøye på om dei kan bidra til at fleire får ein læreplass. Søkar må også vere villig til å reise dit læreplassane er, seier Roger Pilskog, som leiar yrkesopplæringsnemnda i Vestland fylkeskommune.
3332 har søkt til læreplass i fylket, og 556 står framleis utan læreplass. Mange opplæringskontor og lærebedrifter ynskjer seg fleire lærlingar, men søkarane bur ikkje alltid der læreplassane er. Likevel er det behov for fleire lærebedrifter i heile fylket.
Mange fordelar ved å vere lærebedrift
Nye lærebedrifter gir ofte tilbakemelding om at dei hadde blitt lærebedrift tidlegare om dei hadde vore klar over fordelane i lærlingordninga. Bedriftene får som lærebedrift økonomisk tilskot og får sjansen til sikre seg og lære opp gode medarbeidarar for framtida.