Folk trivst betre i sentrum utan trafikk
Evalueringsrapporten for sommerstenginga av Torget og Bryggen er klar.
Frå 3. juli til 15. august vart køyremønsteret over Torget og Bryggen endra for å minimere biltrafikken, og gjere det enklare å ferdast til fots, på sykkel eller med kollektivtransport.
– Utifrå evalueringa verkar sommarstenginga av Torget og Bryggen å ha ein positiv effekt for dei mjuke trafikantane, som også var målet, seier seksjonssjef i Vestland fylkeskommune, John Martin Jacobsen.
Evalueringsrapporten kjem til politisk behandling neste år.
Kort oppsummert:
Bystyret i Bergen vedtok endra køyremønster over Bryggen og Torget. Tiltaket er ein del av Miljøløftet, og Vestland fylkeskommune utførte det praktiske i prosjektet.
Endringa av køyremønsteret gjaldt personbiltrafikk og motorsykkel. Alle delar av sentrum var tilgjengelege, men gjennomgangstrafikken som tidlegare gjekk over Bryggen og Torget gjekk gjennom Fløyfjellstunnelen.
Fylkeskommunen bad ein tredjepart utføre ei evaluering av tiltaket, og Rambøll fekk oppdraget. Evalueringsrapporten ligg no føre.
Her er funna:
- Trafikktiltaket er gjennomført og planlagt i tråd med politiske vedtak og ambisjonar.
- Majoriteten av innbyggarane og andre aktørar opplever å ha fått tilstrekkeleg med informasjon.
- Halvparten av innbyggarane trivst betre i sentrum når Torget og Bryggen er stengt for personbiltrafikk.
- Tiltaket påverkar i liten grad om innbyggarar vel å nytte seg av servering, uteliv og kulturtilbod i sentrum.
- Ein av tre innbyggarar seier dei vil handle meir utanfor sentrum.
- Ein av tre innbyggarar seier dei oftare vil velje sykkel, gange eller kollektiv.
- Halvparten seier det er tryggare å gå og sykle som følgje av tiltaket.
- Sentrum opplevast som mindre tilgjengeleg for dei som er avhengige av personbil.
Det er vanskeleg å skilje mellom effekten av smitterverntiltak under koronapandemien og trafikktiltaket når det kjem til besøkstal og omsetning for verksemder i sentrum. Dei mest utsette næringane under pandemien er også dei næringane som oppgir dei største verknadene av trafikktiltaka.
Om rapporten
Trafikkteljingar, innhenting av mobildata og spørjeundersøking er noko av det evalueringa baserer seg på.
For å vurdere konsekvensar for befolkninga i og utanfor sentrum er det gjennomført ei befolkningsundersøking og intervju i felt éin dag i perioden for tiltaket. I tillegg har råd for medvirkning i Bergen kommune, velforeiningar og andre sentrale aktørar fått tilbod om å gjennomføre intervju eller gi skriftlege tilbakemeldingar via e-post.
Rapporten seier ikkje noko om dette er eit tiltak som bør halde fram, men tar for seg korleis det dei trafikale og samfunnsmessige verknadene av tiltaket.
Slik såg det ut på vegane i sommar:
Fløyfjellstunnelen: Auke med 3700 fleire køyretøy i nordgåande retning, og 3100 fleire køyretøy i sørgåande retning.
Øvregaten: Meir enn 50 prosent færre bilar nordover mellom 3. juli og 15. august, og generelt lågare før og etter desse datoane. Sørover var det normal trafikk samanlikna med 2018 og 2019.
Torget: Nedgang på 80 prosent i begge retninger.
Bryggen: Nedgang på mellom 70 og 80 prosent.
Kalfarbakken: Litt lågare enn same periode i 2018 og 2019.
Torborg Nedreaas gate: Som normalt. Sørgåande er trafikken litt lågare i stengingsperioden enn normalt.
Kva skjer vidare?
Også i 2020 vart det gjennomført ei endring av køyremønsteret. Evalueringsrapporten blir brukt som kunnskapsgrunnlag for å vurdere om ordninga skal bli permanent.
– I tillegg jobbar vi med eit oppdatert kostnadsgrunnlag for å sjå på mogelegheita for å sette opp digitale skilt langs vegen. Vi ser for oss at det er digitale skilt som er den langsiktige løysinga for ei sommarstenging, seier Jacobsen.