Delte ut tre folkemusikkstipend

Lutt, hardingfele og songteknikkar frå Balkan er stikkord for årets tildeling av folkemusikkstipend i Vestland fylkeskommune.

foto av lutt
LUTT: Stipendmottakar Lars Tørresen vil byggje "Den norske lutten", der han vil utforske klang i ein ny type lutt. (Foto: Lars Tørressen)

Vestland fylkeskommune deler i år ut til saman 110 000 kr i folkemusikkstipend, fordelt på eitt på 60 000, eitt på 25 000 og eit Folkemusikk Ung-stipend på 25 000 kr. Ung-stipend går til utøvarar under 30 år. Med dette ønskjer fylkeskommunen å ta eit særskilt ansvar for folkemusikkfeltet og den immaterielle kulturarven i fylket.

– Gjennom stipenda vil vi oppmuntre til kunstnarleg utvikling, nytenking og eksperimentering innan folkemusikken. Vi håpar stipenda kan bidra til at utøvarane kan ta seg tid og råd til ein periode med fordjuping og fagleg påfyll og utvikling, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Vil lage ny type lutt

Folkemusikkstipendet på 60 000 kr går til instrumentmakar Lars Tørresen. Han har eit prosjekt som går ut på å byggje «Den norske lutten», der han vil utforske klang i ein ny type lutt spesielt bygd for slåttespel.

Prosjektet byggjer på 30 års erfaring som instrumentmakar, og han vil byggje instrumentet han alltid har sakna: Ein lutt med tarmstrengar, fem kor og mange bordunstrengar som klinger med. Han vil utforske form og klang og dekorere instrumentet i norsk tradisjon.

Ein del av prosjektet går også ut på å formidle kunnskap til studentar i estetiske fag gjennom praktisk og kunstnarleg arbeid.

Hardingfele og turdans

Folkemusikkstipendet på 25 000 kr går til Arve Berg. Berg har hardingfele som instrument. Han vil bruke stipendet til å formidle og vidareføre turdansmusikken på hardingfele som er brukt i og omkring Bergen, Midthordaland og Nordhordaland til yngre utøvarar.

Turdans blir også kalla kontradansar og er formasjonsdans som vart brukt i England og Frankrike på 16- og 1700-talet og som kom til Noreg utover 1800-talet.

Eitt Folkemusikk Ung-stipend

Folkemusikk Ung-stipendet på 25 000 kr går til Signe Førre. Ho har både kontrabass og vokal som hovudinstrument og kombinerer gjerne desse, samtidig som ho kombinerer jazz og folkemusikk.

Stipendet vil ho bruke for å fordjupe seg i folkemusikken i land som Noreg, Serbia, Bulgaria, Bosnia-Herzegovina, Nord-Makedonia og Tyrkia, i tillegg til songteknikkar frå Balkan.