Bergen må ta posisjon som havhovudstad

Det seier ein ny rapport om bergensregionen frå prosjektet Grøn region Vestland. Rapporten viser også potensiale for 15 500 nye grøne jobbar og eit investeringsbehov på 64 milliardar.

KRAFTUTFORDRINGAR: Kraftsituasjonen i Vestland var tema i paneldebatten då Grøn region Vestland lanserte sin rapport om bergensregionen. Desse deltok: Rolf Barmen, CEO i Fjordkraft, Maria B. Helsengreen, partnar i EY, Jannicke Hilland, konsernsjef i Eviny og Steinar Eikaas, VP LowCarbon Solutions i Equinor. Debatten vart leia av Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag. Foto: Ole Tommy Skare Hansen, Vestland fylkeskommune.
KRAFTUTFORDRINGAR: Kraftsituasjonen i Vestland var tema i paneldebatten då Grøn region Vestland lanserte sin rapport om bergensregionen. Desse deltok: Rolf Barmen, CEO i Fjordkraft, Maria B. Helsengreen, partnar i EY, Jannicke Hilland, konsernsjef i Eviny og Steinar Eikaas, VP LowCarbon Solutions i Equinor. Debatten vart leia av Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag. Foto: Ole Tommy Skare Hansen, Vestland fylkeskommune.

Måndag vart rapporten for bergensregionen presentert i eit arrangement på Media City Bergen.

– Nøkkelen ligg i at alle partar samarbeider. Utan samarbeid går det ikkje. Til saman er vi er dyktige nok til å få det til og vi er store nok til å gjere ein forskjell, sa leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune, Tor André Ljosland i sitt opningsinnlegg.

Næringslivet er med på laget

Som det første fylket i landet, laga Vestland ei eiga scenarioanalyse for næringslivet i møte med det grøne skifte hausten 2020. I år har dette arbeidet blitt følgt opp i prosjektet Grøn region Vestland. 

– Vestlandsscenarioa frå i fjor slo fast at vi har moglegheitene til å bli det utstillingsvindauget vi har lyst til å vere. Vestland er til dømes ein av tre regionar som blir trekt fram av New York Times som har lykkast best på grøn transport. Det er ikkje tvil om at vi har store ambisjonar, men også at vi har mange utfordringar å løyse. Det viktigaste no, er at næringslivet har forstått kva dette handlar om og at dei er med på laget. Då er vi på god veg, sa Ljosland.

Hovudrapporten "Vestlandsporteføljen 2021", som gjeld heile Vestland, blei lansert sist veke.

Person som holder innlegg i auditorium med mennesker.
NØKKELEN ER SAMARBEID: - Utan samarbeid går det ikkje, men vi er på god veg, sa Tor André Ljosland, leiar for hovudutval for næring i sitt opningsinnlegg. Foto: Ole Tommy Skare Hansen, Vestland fylkeskommune.

Trekk fram ni regionale konsept

Rapporten for bergensregionen har identifisert ni ulike konsept, som alle har stort synergipotensiale. Dette er konsept som vil bidrege til å nå klimamåla og som vil auke verdiskapinga ved å ta del i kvarandre sine verdikjeder. Fleire av desse konsepta er også inkluderte i hovudrapporten prosjektet Grøn region Vestland. Desse er løfta fram som så sentrale at både regionen og heile fylke må jobbe saman for å få dei realiserte. Til saman peikar rapporten for bergensregionen på potensiale for 15.500 nye grøne jobbar, men også på eit investeringsbehov på 64 milliardar for å realisere dei ambisiøse planane.

Fensfjordbassenget – ein verdiskapingsmotor

Eit av dei ni konsepta som blir trekt fram i rapporten er Fensfjordbassenget i Nordhordland. Dette område knyt saman industriområda Mongstad, Sløvåg og Skiparvika, som alle omkransar Fensfjorden. Fensfjordbassenget er heilt avgjerande for verdiskapinga i Nordhordland og stod for 36 % av verdiskapinga og 22 % av sysselsettinga i privat sektor i 2019. Heile 72 % av denne verdiskapinga kom frå oljeindustriane. Som eit ledd i den grøne omstillinga er det planlagt fleire nyetableringar innan marin, industri, tenesteyting og fornybar energi i og ved industriområda rundt Fensfjorden. I tilknyting til Fensfjordbassenget peikar rapporten på 1210 potensielle nye grøne jobbar og eit investeringsbehov på 17,4 milliardar.

Ambisiøse planar i Bjørnafjorden

Eit anna av dei ni konsepta det fokuserast på i rapporten er Lyseparken. Her har Bjørnafjorden kommune ambisiøse planar om å skape ei klynge for berekraftig energi. Mellom anna har Corvus Energy inngått intensjonsavtale med Lyseparken og kan bli den første bedrifta på området. Med Corvus Energy på plass, er det estimert totalt fire tusen arbeidsplassar i Lyseparken innan 2030. Utbygginga av ein næringspark som set berekraft i høgsete, er forventa å skape mange framtidsretta arbeidsplassar for Bjørnafjorden og å bidra til å gjere kommunen til ein attraktiv stad å etablere seg.

Må bli havhovudstad

Rapporten har også peika ut fire satsingsområde som blir viktige å fokusere på for at bergensregionen skal lukkast med det grøne skiftet. Ei av desse er at Bergen må ta posisjonen som verdsleiande havhovudstad og realisere Dokken som senter for denne. Ein må også jobbe for at regionen gjennom etableringane av ny godshamn på Ågotnes og nullutslepps-passasjerhamn på Askøy, kan ta posisjonen som verdsleiande innan energisamspel og berekraftige transportløysingar til havs. Det vert også fokusert på viktigheita av å gjennomføre dei store grøne infrastrukturprosjekta og at ein klarar å bruke dei store grøne omstillingsprosjekta i regionen til å vere pådrivarar for enda fleire nye prosjekt.

Vestland går i front

Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg, i tillegg til kommunar, regionråd og lokale aktørar. Målet er å identifisere konkurransefortrinn, verdikjeder og satsingsområde med stort potensial for verdiskaping og grøn konkurransekraft.

– Vestland går i front for nullutslepp. Det gjer også EU. Og når EU endrar på spelereglane, vil nokon vinne og andre tape. Vi må sørge for at det er bedriftene og dei som investerer i Vestland som kjem ut som vinnarane. Dette arbeidet er allereie i gang, sa Torunn Totland Stangervåg, innovasjonsrådgiver i Innovasjon Noreg i sitt innlegg.

Fire regionale rapportar

I arbeidet med Grøn region Vestland har ein delt fylket inn i fire regionar. Desse er:

  • Indre Vestland (Hardanger, Sogn og Voss) 
  • Fjordane (Nordfjord, Sunnfjord og HAFS (kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Sollund)) 
  • Bergensregionen inkl. Nordhordland 
  •  Sunnhordland

Hovudrapporten Vestlandsporteføljen omhandlar Vestland fylke sett under eitt. I tillegg er det utarbeidd eigne rapportar for kvar region. Som i Bergen vil dei andre regionale rapportane bli presenterte i eigne arrangement: