Askøysambandet blir heilelektrisk
– No er det Askøysambandet sin tur til å bidra til at kollektivtrafikken i Vestland blir endå meir miljøvennleg, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkesutvalet har vedteke ein ambisjon om å innføre elektriske hurtigbåtar mellom Kleppestø og Strandkaien frå 2023.
Kontrakten på Askøysambandet går ut 31. desember neste år. Ambisjonen er at i 2023 skal to elektriske båtar trafikkere sambandet. All lading skal skje på Kleppestø.
Høgt kutt av CO2
– Hurtigbåten mellom Askøy og Bergen høver godt for batteri og meir miljøvennleg drift. Sambandet har kort overfartstid og distanse, og jamt energiforbruk, slik at det er godt eigna for heilelektrifisering med batteri. Vi får god utnytting av batteria, høgt kutt av CO2 og reduserte energikostnader i høve dieseldrift. Dette vil bidra til betre luft og betre folkehelse i Bergensområdet, seier fylkesordføraren.
Det er rekna ut at utsleppa vil gå ned med minst 2 200 tonn CO2 per år. Med utvida drift frå tidleg morgon til seint på kveld vil utsleppskuttet auke til 3 400 tonn CO2 pr. år.
Gått føre innan grøn omstilling
– Vestland fylke har gått føre innan grøn omstilling til sjøs. Ferjeanboda visar at ambisiøse klima- og miljøkrav gjev gode resultat langt ut over eit godt ferjetilbod. Næringslivet vårt blir internasjonalt leiande på ny grøn teknologi. Vestland fylke vil i tråd med utviklingsplanen, halde fram med å stille klima og miljøkrav i nye anbod. Bybåtsambanda i Bergen har hatt ei positiv utvikling dei siste åra. Vi vil satse vidare på desse, og inkludere dei i den grøne omstillinga og i satsinga på sjøen som vegen, seier fylkesordførar Jon Askeland.
God passasjervekst
På Askøysambandet vil det bli lagt til rette for at rutetilbodet stegvis skal kunne styrkast gjennom kontraktsperioden. Det blir lagt vekt på at fartøya skal ha god kapasitet til å ta med syklar. Statlege stønadsordningar og belønningsmidlar kan nyttast til finansiering av styrka rutetilbod og nullutsleppsteknologi på Askøysambandet. Askøy kommune blir invitert til dialog om det framtidige båttilbodet og finansieringsløysingar knytt til infrastrukturtiltak på Kleppestø.
Det er god passasjervekst på Askøysambandet, med fem prosent frå 2017 til 2018 og 13 prosent frå 2018 til 2019. Båtsambandet må difor ha ein kapasitetsauke frå 600 til 800 passasjerar i timen. Det blir lagt opp til to båtar og avgang kvart 20 minutt i rushtida.
Hurtigbåten til Nordhordland
Fylkesutvalet ber vidare om at administrasjonen kjem attende med sak om Nordhordlandsambandet. I saka bør ein greie ut på kva måte ein kan styrke passasjergrunnlaget for Nordhordlandssambandet, til dømes gjennom å inkludere sambandet i takst/sone-strukteren, samt fleire stopp gjennom finansiering gjennom Miljøløftet. Fylkesutvalet ber også om at ein kjem attende med sak om kva for moglegheiter som finst for å stille krav til nullutslepp på sambandet snarast råd.