216 millionar til idrett og fysisk aktivitet i Vestland
Hovudutval for kultur, idrett og integrering har fordelt årets spelemidlar. Vestland er fylket som får nest mest i landet, berre Viken får meir.

– Det er sjølvsagt svært gledeleg at vi kan fordele over 200 millionar kroner til anlegg som skal leggje til rette for idrett og fysisk aktivitet i fylket. Det er viktig for gode idrettsopplevingar, god folkehelse, integrering og generell trivsel i lokalsamfunna våre. Samtidig skulle vi gjerne hatt mykje meir, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.
Det var i år godkjende spelemiddelsøknadar for 957 millionar kroner i Vestland, fordelt på 632 søknadar. Det betyr at berre rundt 22,5 prosent av søknadane blir innfridde.
46 millionar til Åsane
Bergen er i år som i fjor den kommunen i fylket som får mest i spelemidlar. Kommunen får til saman over 54 millionar, som skal gå til blant anna klatrehall, turnhall og idrettshall ved Åsane Arena. Til saman 46 millionar kroner går til anlegg ved Åsane Arena.
Kommunen som får nest mest er Kinn med over 14 millionar. Dei skal gå til blant anna ein spesialhall for turn og til Florø Skatepark. Nummer tre på lista er Øygarden, der nesten 14 millionar skal gå til symjebasseng i Hjeltefjorden arena og til Sotra turnhall.
Du finn oversikt over alle spelemiddeltildelingane i saksframlegget til hovudutvalsmøtet 14. juni. Løyvingane vart vedtekne slik dei står der.
Vil få ned ventetida
Ventetida for å få spelemidlar har auka dei siste åra. Når ikkje summen fylket får frå Kulturdepartementet dekkjer ein større del av søknadane, blir etterslepet stort. Slik det er no må søkjarar vente i gjennomsnitt 4,7 år før dei får pengar til ordinære anlegg. For nærmiljøanlegg er ventetida i gjennomsnitt 2,3 år.
Hovudutvalet vedtok difor å sende ei uttale til Kulturdepartementet om utfordringane i spelemiddelordninga.
– Spelemiddelordninga er komplisert og har ei rekke utfordringar, blant anna den lange ventetida. No må fleire lag og organisasjonar å betale store summar i renteutgifter fordi dei forskutterar spelemidlane gjennom lån. Vi ønskjer å redusere ventetida, og sørgje for at kommunar, idrettslag og andre i fylket raskare får pengar til å realisere anlegga sine og for å redusere kostnadane, seier Davies.
Overskot frå Norsk Tipping
Spelemidlane går til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, både ordinære anlegg og såkalla nærmiljøanlegg. Det kan vere til dømes klatreparkar, aktivitetsområde, ballbingar og andre anlegg som legg til rette for eigenorganisert fysisk aktivitet nær der folk bur.
Spelemidlane er overskotet frå Norsk Tipping. I år fekk Vestland 209 243 000 kr. Fordelinga frå hovudutvalet inkluderer 6 802 000 kr, som er renter og inndregne midlar frå 2020.